Vi kjøper meir brukte klede

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har hatt nokre svært gode år no. 2007 og 2009 var svært bra, så flata det litt ut i for, men vi har framleis ein vekst i salet på 4,5 prosent, seier butikksjef i Fretex Norge Bent Udnesseter til Vårt Land.

Til samanlikning var veksten for vanleg kleshandel i fjor tre prosent og i år 1,3 prosent. Fretex hadde i fjor ein vekst på fem prosent.

Butikksjefen hos Fretex meiner forklaringa er samansett.

– Eg trur dette handlar om at personleg fridom og det å byggja identitet er blitt viktig, seier han. Det heng saman med å velja gode verdiar, vera miljømedviten og skapa ein personleg stil.

Også forskarar stadfestar at det er ein klar trend mot å handla meir brukt.

– Det er heilt klart ein svært aukande interesse og aksept for brukte klede. Det har oppnådd ein høgare status, det ser vi til dømes i moteblada, seier leiar ved Statens institutt for forbruksforsking (SIFO), Ingunn Grimstad Klepp. (©NPK)

Har du tips til bruktbutikkar? Bruk kommentarfeltet!