– Vi er over gjennomssnittet interessert i damer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Veldig interessert i damer

– Vi ønskjer å synleggjere kvinnene som bidrog til historia, trass i motgang frå nesten alle rundt seg. Kvinner som har blitt gløymd, og som ofte må hentast fram av andre kvinner, seier Marta Breen.  

Ho har lang fartstid som forfattar og journalist, og blei ifølge seg sjølv født feminist. Jenny Jordahl er illustratøren og teikneserieskaparen som vann konkurransen om å bidra til boka F-ordet. 155 grunner til å være feminist (2015),då Breen skreiv denne i lag med Madeleine Schultz.

Sidan har Breen og Jordahl jobba med dei 60 damene dei valde ut til boka (Den store rumpefeiden frå 2016 er ifølgje Breen berre ei mellombok).

– Eg gjekk på bokhandelen for å finne ei bok om Gina Krog. Då gav mannen meg ein biografi om Gerda Grepp. Dei levde ikkje ein gong på same tid,  seier Jordahl, til latter frå salen.  

LES OGSÅ: – Mensen var noko ekkelt ein ikkje snakka om

– Mange tragediar
Kriteria for å bli med i boka, var ifølgje forfattarane at det gjekk føre seg litt «action» i tillegg til historia om kven dei var, og kva dei gjorde.

– Det var mykje tragediar i desse forteljingane. Anna Munch, til dømes, ønskte å skrive. Men då ho ikkje fekk lov av mannen, skilte ho seg frå han. Sidan skilsmissa var sjølvforskyldt, mista ho pengane sine, og ingen ville tilsette ei skilt dame. Så forelska ho seg i ein ny mann, berre for å finne ut at han var homofil.

Breen og Jordahl har ikkje tatt stilling til dei ulike kvinnenes religiøse eller politiske ståstad. Boka skildrar livet til damer både på venstre- og høgrepolitisk side, samt religiøse kvinner, som presten Ingrid Bjerkås.

LES OGSÅ: Halvparten av alle svenskar er feministar, mot 11 prosent nordmenn. Kva er forskjellen?

Historia er dominert av menn
– Kvifor var det viktig å skrive denne boka?

– Fordi historia til alle tider har blitt skrive av og om menn. Framleis er det slik at åtte av 10 biografiar handlar om menn, i tillegg til sju av 10 aviskjelder, tre av fire hovudroller i film, og to av tre nekrologar. Ein skulle nesten tru at det berre er høgt utdanna middelklassemenn som døyr, seier Breen.  

Men også gatebiletet skildrar ei mannsdominert verd. Dei fleste gatenamn og statuar viser menn.

– Mange peiker jo på at det er fleire kvinnestatuar i byane. Men berre eit fåtal av desse har både eit namn og klede på seg, seier Jordahl.  

LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie i vidaregåande


Fernanda Nissen er ei av damene Marta Breen og Jenny Jordahl meiner du skulle ha møtt. Illustrasjon: Jenny Jordahl, Manifest Forlag

«Høvlar» over 60 damer
Å skrive 60 damer du skulle ha møtt er derfor ei oppmoding om at det blir laga fleire biografiar, filmar og seriar om norske kvinner gjennom historia. I tillegg fyller boka ein bit av historia, som forfattarane syntest mangla.

– Ein får eit inntrykk av at kvinner ikkje har gjort noko særleg før på 70-talet. Kvinner utgjer halve befolkninga, men har blitt underrepresenterte og fråtatt dei same mogelegheitene. Det var liksom «ukvinneleg» å gjere noko utanfor stova si, seier Breen.

I lettlest teikneserieformat trur forfattarane at lesaren vil få eit breiare historiefokus på kort tid. Eigentleg skulle boka heitte «60 damer på ein time», men då sette Jordahl foten ned.

– Det høyrdest ut som om ein skulle høvle over 60 damer på ein time. Mange trur også at boka heiter «Sexy damer du skulle ha møtt», men det er altså talet 60, forsikrar Breen.  

LES OGSÅ: Skihopping er skadeleg for livmora, sa mannen

– Damene imponerer mest
Mange av kvinnene i boka er pionerar, og har oppretta noko som eksisterer den dag i dag. Til dømes var Betzy Kjelsberg med å starte organisasjonen Skuld, som er forløparen bak Norsk kvinnesaksforening. Marie Høeg er pioneren som kan seiast å vere forløparen bak Den Selskabelige Diskusjonsforening.

– Kva slags fellesstrekk finst mellom dei 60 kvinnene?

– Dei aller flest kom frå ein privilegert heim. Eit anna fellestrekk er at mange av dei hadde liberale fedrar som tillét dei å realisere draumane sine. Men det er viktig å nemne at alle opplevde ein form for motgang frå omgivnadane, seier Jordahl.

Breen er einig.

– Damene som lykkast, imponerer meg meir enn mennene som gjorde det. Dei klarte det trass i færre retter, låg tilgang til utdanning og ikkje minst, sterke reaksjonar frå sine samtidige.