Vi er ikkje skapt til å krige

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei undersøking av drap i 21 samfunn av jegerar og sankarar i nyare tid, tyder på at krig er uvanleg. Det skriv Forskning.no.

Det er forskarane Douglas Fry og Patric Söderberg som i denne vekas utgåve av Science skriv om mennesket si fortid.

Drap folk frå same samfunn
Fry og Söderberg har teke føre seg historiske rapportar om alle former for drap og drapsmotiv, som er registrert for 21 tilfeldig utvalde samfunn omkring i verda.

Av dei 140 episodane med dødeleg utfall, innebar 55 episodar éin drapsperson og eitt offer. I 23 prosent av episodane deltok to eller fleire i drapet på éin person. I 22 prosent av hendingane var det både fleire gjerningspersonar og fleire drepne. I berre eitt tilfelle var det éin gjerningsperson og fleire drepne.

LES OGSÅ: Mordar eller åtseletar?

I 85 prosent av hendingane kom drapspersonen og offeret frå same gruppe. Resten høyrte til ulike grupper, som overlevande etter skipbrott, misjonærar eller personar frå andre stammar.

Skilnader mellom grupper
I nesten to av tre drap var årsaka uhell, familiefeidar, avrettingar innanfor gruppa eller personlege kranglar.

LES OGSÅ: Fann urgamal elg

Ein annan viktig observasjon var at éi gruppe, det australske Tiwi-folket, stod for 67 av dei registrerte drapa, altså nær halvparten. I denne gruppa var offeret i 50 prosent av hendingane medlem av andre grupper. Det tyder at slike episodar var endå sjeldnare i resten av gruppene, enn gjennomsnittet tilseier.

Strid imot at mennesket er krigersk av natur
Forskarane Fry og Söderberg meiner funna tyder på at mennesket ikkje er krigersk av natur.

Det kan sjølvsagt vere vanskeleg å seie om jegerar og sankarar i nyare tid kan gje eit riktig bilete av kulturen i tidlegare samfunn, men dersom ein går utifrå at det kan vere likskapar, er det lite som tyder på at vi har krig i blodet, skriv Forskning.no.

LES OGSÅ: Dødsfrykt i kvar bit