VG-redaktør vil ha nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elisabeth Skarsbø Moen er blant mange som i lys av debatten om sidemålskarakteren i skolen den siste tida har vorte meir klar over kva nynorsken betyr for henne. No oppmodar frærnaværingen redaktørkollegaer i Oslo-pressa til å skrive meir nynorsk.

– Eigentleg burde Harald Stanghelle, Knut Olav Åmås og alle vi som har forlate nynorsken, protestere og levere fleire tekstar på nynorsk. Vi må vere vaksne og insistere litt meir, seier Moen til Bergens Tidende.

Det er ikkje ofte VG har nynorsk i spaltene sine, men fredag skreiv Moen eit forsvar for sidemålskarakteren – på nynorsk.

– Det var frigjerande å skrive nynorsk igjen. Det står meg mykje nærmare. Når eg skriv bokmål, ligg det ei kulturell hinne mellom meg og språket. No vil eg skrive meir nynorsk, seier ho.

Ho tar til orde for fleire innslag av nynorsk i bokmålsavisene, for eksempel i portrettintervju og kommentarar. Men at VG no får mykje nynorsk i spaltene framover, kan ho ikkje love.

– Dette er noko eg må ta internt. Men privat kjem eg no til å skrive meir nynorsk igjen, seier Moen. (©NPK)