Vestlendingar pregar norsk politikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vestlendingar pregar politikken

Den siste vestlendingen som vart partileiar, var Audun Lysbakken, som førre helg vart valt til partileiar i SV. Dermed er fire av dei sju partia som er representerte på Stortinget, styrt av ein vestlending.

Høgre har bergensaren Erna Solberg i leiarstolen, Kristeleg Folkeparti har bømlingen Knut Arild Hareide, Senterpartiet sogndølen Liv Signe Navarsete, mens Lysbakken, som Solberg, er frå Bergen.

– Ser absurditetane
Valforskar Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen trur vestlandsdominansen kan vere med på å prege politikken.

– Desse partileiarane kan sjå Noreg litt frå Vestlandet. Eit konkret eksempel kan vere debatten om strandsona og strandsonelova. Kvar vestlending ser jo det absurde i å nekte nokon å byggje eit naust ut frå ein tanke om at nokon går tur ved å hoppe frå svaberg til svaberg, seier Aarebrot til NRK.

LES OGSÅ: Eksporterer mest i vest

Høgre-leiar Erna Solberg trur Vestlandet no er i ferd med å få meir makt.

– Vestlandet har ein stor del av verdiskapinga i landet, og vi har hatt høg politisk aktivitet i fleire år. Så er det vel litt tilfeldig at det er så mange akkurat no, men det viser at balansen i Noreg har vorte betre dei siste åra, meiner Solberg.

Viktig ballast
Liv Signe Navarsete trur også det har noko å seie kvar ein kjem frå.

– Ein har med seg ein ballast og ein kunnskap om landsdelen som er viktig. Med eit godt nettverk blir ein merksam på saker som elles kanskje kunne ha glidd forbi. Eg er opptatt av regional utvikling og er på vakt mot sniksentralisering, seier Navarsete til NRK.

Arbeidarpartiet og Framstegspartiet har begge leiarar frå Oslo, Jens Stoltenberg og Siv Jensen, mens Venstre er styrt av ein trønder, overhallningen Trine Skei Grande. (©NPK)

LES OGSÅ: Vestlandet veks på grunn av vekst og etableringar av bedrifter