Vervar fleire tusen på valtorg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomspartia har til saman fått kring 6500 fleire medlemmar på sidan nyttår. Mest fram går Unge Høgre, med ein vekst på nesten 60 prosent. Dermed er dei forbi Framstegspartiets Ungdom i medlemstal, og er landets nest største ungdomsparti.

– Det er jo veldig positivt. Dette betyr at dei som har engasjert seg etter 22. juli har meldt seg inn i dei partia som dei er mest einig med, seier Henrik Asheim, leiaren av Unge Høgre til Framtida.no.

– Meir tilgjengeleg
Etter terroråtaket 22. juli blei ungdomspartia samde om å arrangera valtorg på skulane, i staden for dei tradisjonelle skuledebattane. Valtorga har vore ein viktig arena for å verva medlemmar.

– Valtorga har gjort at me har blitt meir tilgjengelege for ein til ein-samtalar. Me ser at veldig mange av medlemmane me har fått er gjennom valtorga, seier Henrik Asheim.

LES OGSÅ: Sankar stemmer på fire hjul

– Er det ei så positiv erfaring at de vil gå inn for å halda fram med dette til neste val, stortingsvalet om to år?

– Eg kunne tenkja meg å ha begge deler. Fordelen med debatten er at ein får fram motargumenta, og meiningsbrytinga. Eg kunne tenkja meg ein litt kortare debatt og valtorg etterpå.

LES OGSÅ: Rekordvekst for ungdomsparti

Saknar skuledebatten
På Austevoll vidaregåande skule klarte Framstegspartiets Ungdom å få 48 nye medlemmar på valtorget. Dette tilsvarar kring 30 prosent av alle elevane på skulen i FrP-kommunen utanfor Bergen.

Ove Vanebo, leiar i Framstegspartiets Ungdom (FpU), er nøgd med medlemsveksten, og kan tenkja seg å halda fram med valtorga. Men berre som eit supplement til skuledebattar.

– Valtorga synleggjer ikkje forskjellane, medan på ein stand kan ein seia kva som helst utan at ein får motargumenta.

FpU gjekk mest tilbake av ungdomspartia ved skulevalet. Vanebo meiner manglane skuledebattar er ei medverkane årsak:

– Det er ei heilt klart ei årsak, og noko som har vore ei utfordring for oss dette valet. For oss i FpU er skuledebattane ein arena me satsar veldig mykje på, og me bruker opp til eit år på skulera folka våre.

Faktaboks

Slik har dei ulike partia merka auken i medlemstal på landsbasis (medlemstal pr 31.12 2010 i parentes):

• Unge Høgre: 1650 nye medlemmar (2790)
• AUF: over 2800 nye medlemmar (9608)
• SU: 250 nye medlemmar (2000)
• FpU: 900 nye medlemmar (2892)
• Unge Venstre: 300 nye medlemmer (1018)
• KrFU: 139 nye medlemmer (1629)
• Raud Ungdom: 200 nye medlemmer (601)
• Senterungdommen: 160 nye medlemmer (1162)
Kjelde: NRK/(Framtida.no)