Verdshava kan stiga fortare enn venta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den globale oppvarminga har skapt nye is-lag i innlandsisen som blokkerer smeltevatnet og hindrar det i å trekkje ned i snølaga under. I staden samlar vatnet seg i bekker og elvar på overflata og renn ut i havet, viser ein ny studie som det danske Nationale Geologiske Undersøgelser for Danmark og Grønland (GEUS) står bak.

LES OGSÅ: Klimaforskarar på djupt vatn

– I staden for førti meter snø som samlar opp smeltevatn, har vi berre rundt tre meter i det området som vi har undersøkt. Det betyr at mykje meir smeltevatn hamnar i havet, noko som er ei utriveleg overrasking. Det kjem nok til å bety at vi må justere opp den framtidige vass-standen, seier professor Jason Box i GEUS til nettstaden Videnskab.dk.

Forskarane trur at kommande varme somrar kjem til å føre til at det blir danna fleire nye islag, noko som kan auke effekten og føre til at enda meir brevatn endar i havet.

Om heile den gigantiske innlandsisen på Grønland smeltar, kjem verdshava til å stige med om lag sju meter. Forskarane har til no rekna med at det ikkje kom til å skje før om 10.000– 15.000 år.

Det overraskande danske forskingsresultatet er nyleg publisert i tidsskriftet Nature Climate Change. (©NPK)

LES OGSÅ: Hev stemma, ikkje havnivået