Ventar auke i arbeidsløysa, men fleire i jobb

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir arbeidsløyse, fleire i jobb

– Sidan nyttår har utviklinga på arbeidsmarknaden vore betre enn venta, og vi er litt meir optimistiske i prognosane våre enn det vi var for nokre månader sidan, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad.

Han ventar at talet på arbeidsledige kan auke med opp mot 5.000 mot slutten av året.

Merkar krisa
Nav meiner Noreg også merkar krisa i Europa, men fastslår at vi ikkje vert ramma like hardt som mange andre land. Det går svært bra i Noreg, det vert skapt fleire jobbar og arbeidsløysa aukar berre svakt i forhold til dagens nivå, er konklusjonen.

Og samanlikna med Europa er arbeidsløysa i Noreg svært låg. I gjennomsnitt ventar Nav 66.000 ledige i år og 67.000 i 2013. Det svarar til ei arbeidsløyse på 2,5 prosent i år og i 2013.

Nav antar samtidig at mange fleire kjem i jobb dei neste to åra.

Fleire i jobb
– Vi anslår at det vil vere over 80.000 fleire i jobb ved utgangen av 2013 enn det var ved utgangen av 2011. Mange av dei nye jobbane vil kome innan helse, pleie og omsorg, bygg og anlegg og den delen av industrien som leverer varer og tenester til oljesektoren, seier Lystad.

Årsaka til at arbeidsløysa aukar litt sjølv om sysselsetjinga aukar, er at befolkninga veks og fleire ønskjer å jobbe.

Arbeidsinnvandringa held fram
NAV ventar at det  vil kome mange fleire polakkar, litauarar og svenskar til Noreg. Sidan arbeidsløysa i Sør Europa er svært høg og jobbsjansane i Noreg er gode, er det grunn til å tru at fleire sør-europearar vil søkja jobb i Noreg. – Tala syner at det er fleire arbeidsinnvandrarar frå Sør-Europa no enn tidlegare, men enno er arbeidsinnvandringa frå Middelhavslanda på eit svært lågt nivå, seier Lystad.

Bedriftsundersøkinga denne våren syner at norske arbeidsgjevarar manglar 36 700 personar. Utan arbeidsinnvandring ville mangelen på arbeidskraft vore langt høgre og arbeidsmarknaden dårlegare.

– Arbeidsinnvandrarane bidreg til å løyse flaskehalsar på arbeidsmarknaden, og som følgje av det blir skapt det nye jobbar, seier Lystad.