Venstre vil stoppa reinsing på Mongstad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Galskap å gi meir pengar

Trine Skei Grande meiner det er på tide å ta konsekvensane av det ho er sikker på at Jens Stoltenberg og alle andre som har lagt prestisje i prosjektet tenkjer, nemleg at reinseanlegget aldri blir bygd.

I forslaget til Venstre til statsbudsjett vil partiet leggja ned prosjektet for fullskala reinsing av gasskraftverket på Mongstad i Nordhordland, skriv Dagens Næringsliv.

Anlegget blei vedteke i 2006 og berre planlegginga er rekna med å kosta rundt tre milliardar kroner fram til ei eventuell investeringsavgjerd i 2016. Til og med 2012 er det totalt løyvd over 1,1 milliardar kroner til planlegging av prosjektet. Kostnadene blei i 2009 rekna til å vera 25 milliardar.

Ifølgje Skei Grande er «Mongstad feil prosjekt på feil plass med feil aktørar.»

– Problemet er at det har gått prestisje i saka etter at Stoltenberg heldt den famøse månelandingstalen sin. Eg trur ingen, inst inne, trur at dette nokon gong blir bygd. Vi må leggja gamle kjepphestar bak oss, og få på plass gode prosjekt som faktisk kan bli realisert til ein fornuftig pris og innan rimeleg tid, seier Grande til Dagens Næringsliv. (©NPK)

Kva meiner du? Er det på tide å stoppa utbygginga?