Venstre vil avlysa 24. konsesjonsrunde

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil avlysa 24. konsesjonsrunde

– Venstre kan til dømes no vera for leitelisensar i allereie opna område, eller andre område i framtida som er godt utgreidd når det gjeld klimarisiko. Men landsmøtet meiner 24. konsesjonsrunde er for dårleg utgreidd, og seier difor nei, seier Unge Venstre-leiar Tord Hustveit til NRK.no.

I helga var over 200 Venstre-delegatar samla til landsmøte i Ålesund for å stemma over partiprogrammet for 2017-21.

Eit av dei store spørsmåla var Venstre sin oljepolitikk. Partileiinga hadde i sitt utkast til partiprogram gått inn for vern av Lofoten, Vesterålen og Senja – ofte forkorta LoVeSe.

Programkomiteen gjekk også inn for å greia ut klimakonsekvensane av nye leitelisensar.

Kompromiss for meir grønt
Unge Venstre gjekk i sitt endringsforslag inn for å stoppa utlysinga av fleire leitelisensar og avlysa heile den 24. konsesjonsrunden, der regjeringa i mars utlyste 102 blokker – 93 av desse i Barentshavet og ni i Norskehavet.

Det opprinnelege forslaget vart nedstemt med éi stemme. For å få fleirtalet med seg endra difor ungdomspartiet forslaget, slik at det berre fokuserte på å avlysa 24. konsesjonsrunde.

Og allereie no ser det ut til at Venstre er blitt grønare. Søndag meldte VG om at partiet denne veka vil stemme med SV og MDG i Stortinget for eit forslag om å avslutta tildeling av blokker i norsk sektor i Arktis. Dette er likevel ikkje nok til å sikra forslaget fleirtal.  

LES OGSÅ: Desse sakene kjempa Unge Venstre for på landsmøtet

For fråværsgrensa
Ei anna sak der landsmøtet var delt, var den omstridde fråværsgrensa i den vidaregåande skulen. I fjor haust innførte regjeringa ein ny fråværsregel der elevar på vidaregåande ikkje kan ha meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eitt fag for å få standpunktkarakter.

Leiinga og programkomiteen gjekk inn for å fjerna grensa, men eit knapt fleirtal på landsmøtet gjekk inn for å behalda den skjerpa fråværsregelen.

Ein av dei som stemte for å behalda regelen var Pål Grødahl frå Møre og Romsdal Venstre, som til vanleg er lektor ved Volda vidaregåande skule.

 Dei fleste lærarane meiner fråværsgrensa er veldig positiv – og det same gjer mange av elevane, seier Grødahl til Vikebladet Vestposten.

LES OGSÅ: Lågare fråvær – høgare press

Nytt språkfag frå 5. klasse
Landsmøtet sa også ja til å innføra eit nytt språkfag i 5. klasse. Eit stort fleirtal i partiet vil innføra eit nytt obligatorisk språkfag i tillegg til engelsk for 10-åringar.

Tilhengjarar peikar på at dess yngre elevane er, dess lettare har dei for å læra språk, og at ei rekkje land i Europa har ei langt betre språkopplæring enn Noreg.

Representantane som argumenterte mot peika på at det allereie er svært trongt på timeplanen og lurte på kor dei nye språklærarane skal hentast frå.

LES OGSÅ: Nynorskløft på Venstres landsmøte