Veit me nok til å forlata oljen?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I januar i år fekk Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitskap og teknologi (NENT) spørsmål frå Universitetet i Bergen om å gjere ei forskingsetisk vurdering av norsk petroleumsforskning.

Bakgrunnen for dette var mellom anna diskusjonar rundt fornying av avtalar mellom Statoil og forskningsinstitusjonar, der mellom anna NTNU inngjekk ein avtale til ein verdi av 310 millionar kroner. NENT konkluderar med at universiteta må bli meir bevisst på sitt ansvar som kunnskapsprodusent og skriv som hovudkonklusjon:

«NENT mener det er forskningsetisk uforsvarlig om petroleumsforskningens rammebetingelser og forskningsaktiviteter hindrer omstillingsprosesser slik at FNs klimamål som, Norge har forpliktet seg til, ikke kan nås.»

LES OGSÅ: Er dette framtidas by?

Omstillingsolje
Dersom universiteta skal handle i tråd med denne konklusjonen står me føre store endringar. Sjølvsagt har ein oljenasjon som Noreg tett samarbeid mellom universiteta og oljebransjen, og er det i det heile tatt andre å samarbeide med på så stor skala?
Ikkje enno. I rapporten understrekar NENT at verda i dag er avhengig av petroleum, og at å kutte tvert av vil ha store økonomiske og sosiale konsekvensar. I mangel på meir miljøvenlege alternativ kan dette til og med gi ei negativ miljøeffekt, og petroleumsrelatert forskning spelar derfor ei rolle i ein omstillingsprosess.

Omstillingsprosess er med andre ord nøkkelordet her, og denne omstillingsprosessen er fortsatt ikkje konkret. Så gjenstår det å bestemme kva for petroleumsforskning som jobbar for å overstige FN sine klimamål, og kva for forskning som er etisk forsvarleg i mangel på betre energialternativ.

LES OGSÅ: Kan norske hyblar løysa amerikansk krise?

Kan, men vil ikkje bytte sektor
Dette er rammene for debatten på klimakonferansen til Naturvernforbundet i Trondheim laurdag 20. september. President i Tekna, Lise Lyngsnes Randeberg presenterte mellom anna relevante resultat frå ei medlemsundersøking blant høgt utdanna ingeniørar innan petroleum. Der kom det fram at 75 prosent av dei meiner at dei har kompetanse som er relevant for andre sektorar, mellom anna miljøteknologi.

Samstundes er det få av desse som faktisk vil bytte arbeidssektor. Grunnen til dette er ikkje kjent, men høg lønn og gode arbeidsvilkår samt teknologiske utfordringar gjer oljebransjen svært attraktiv. Fins det ganske enkelt ikkje betre alternativ? Randeberg meiner at for å snu denne trenden må næringspolitikken prioritere meir bærekraftige områder, og å sette i gang teknologioverføringsprogram som skapar nye arbeidsplassar.

Olav B. Fosso er leiar for NTNU sitt satningsområde for energi, og gir inntrykk av at sjølv om NTNU tek rapporten på alvor, vil det ikkje skje dramatiske endringar med det fyrste. Han påpeika eit interessant aspekt, der han fortalte om lita interesse frå studentane si side rundt grunnforskning på fornybar energi. Studentane er meir interesserte i å skrive oppgåver på oppdrag frå industrien, som igjen gjer dei meir attraktive for arbeidsmarknaden, meinte han.

LES OGSÅ: Beiter oss til betre tider

Kven har ansvar?
I rapporten blir det advart mot ansvarsvakuum, og det er vel nettopp det som skjedde i denne debatten. Sjølv om alle er einige om at ein må starte ein overgangsprosess frå fossilt til fornybart, er det vanskeleg å sei kven som skal ta det fyrste steget.

Tekna sin president meiner at politikarane må på bana og legge til rette og gjere det attraktivt å jobbe innan fornybarsektoren, NTNU tek sjølvsagt imot dei forskningsmidlane dei kan få, og etterlyser større interesse og press frå studentane.

Som student føler ein seg ganske makteslaus. Sjølvsagt er ein fri til å ta sjølvstendige val ut frå eigne synspunkt, sjølvsagt har dei mest suksessfulle bransjane mest pengar til rekruttering og sjølvsagt vel ein fyrst og fremst det som er best for seg sjølv. Studentar står fritt til å velje vekk petroleumsbaserte jobbar, men kva sit ein igjen med då?

Dersom ein går innom bedriftsdagar, rekrutteringsstands, ser gjennom masteroppgåver og jobbannonsar retta mot teknologistudentar og tek vekk det som er forskningsetisk uforsvarleg i følge NENT, er det veldig mykje som forsvinn. Det er nok av kunnskapsrike studentar som vil jobbe for ei betre verd, då må universiteta og arbeidslivet fylgje opp og gi oss moglegheita til det.

Rapporten kan lesast i si heilheit her

Marit Kjærvik studerer nanoteknologi ved NTNU, og skriv til vanleg for Smallprint.no, der innlegget først vart publisert.