Varslar stadig lågare norske lønningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Varslar lågare norske lønningar

Norske tilsette både i Norwegian og mange andre selskap må vere førebudde på stadig lågare lønningar i åra som kjem, varslar professor Lars Sørgard ved Norges Handelshøyskole.

Professoren meiner at eit lågare lønnsnivå nærmast er uunngåeleg når norske selskap etablerer nye avdelingar i utlandet, i tråd med det Norwegian allereie har gjort, blant anna i Thailand, skriv Dagsavisen.

– Ein ting er at det er billigare å hyre inn thailandsk mannskap, men dette legg også lønnspress på norske tilsette. At dei har ei utanlandsk avdeling vil påverke kvar einaste lønnsforhandling framover, seier Sørgard, som er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi, til NHH Bulletin.

Fagforeiningane har lite å stille opp med i ein slik situasjon, viser forsking Sørgard har gjennomført saman med fleire kollegaer.

LES OGSÅ: – Nordmenn må ned i løn

– Vi har sett nærmare på konsekvensen av hundrevis av fusjonar i amerikansk næringsliv, fortel Sørgard til Dagsavisen.

– Dersom selskapet får eit bruhovud i utlandet, veit fagforeiningane at det kan ende med at arbeidsplassane forsvinn til den utanlandske avdelinga dersom dei er for tøffe i lønnsforhandlingane, påpeiker han.

Å true med streik kan berre gjere vondt verre.

– Då kan leiinga få det påskotet dei treng for å flytte endå meir av aktiviteten sin til utlandet. (©NPK)