Varmepumper sparer ikkje energi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei potensielt miljøvennlege varmepumpene gjer det lett å auke komforten heime. Ny forsking viser at vinninga går opp i spinninga når folk aukar innetemperaturen frå 19 til 23 grader.

Tidlegare undersøkingar har vist at hushald som installerer varmepumpe, ikkje nødvendigvis sparer energi. Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) ville vite kvifor og presenterer funna i rapporten «Energisparende teknologier i norske husholdninger: Luft til luft varmepumper»

Manglande energieffektivitet kjem av endra praksisar, forbrukarar som rett og slett kosar seg med varmepumpa.

– Dei viktigaste endringane er at folk aukar innetemperaturen, kanskje så mykje som frå 19 til 23 grader. Mange varmar også opp større delar av bustaden, og dei gjer det i fleire timar i døgnet, seier SIFO-forskar Pål Strandbakken.

I tillegg blir varmepumpeteknologien brukt på uventa måtar, som for eksempel til klestørking, og mange nyttar seg av moglegheita for kjøling. Som alternativ til å lufte på tradisjonell måte, bidreg ikkje dette heller til energisparing. (©NPK)