Var like ved då det small

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det fortel Anne-Marie Torgersen på telefon frå ein liten landsby like utanfor Nice. Familien på fem var på ferie og var med og feira den franske nasjonaldagen 14. juli, då dei hamna midt i terrordramaet torsdag kveld.

– Me hadde vore på Promenade des Anglais og sett på det flotte fyrverkeriet som markerte slutten på feiringa, då det brått oppstod kaos. Me var like ved det kjende hotellet Negresco, på veg for å skaffa oss drosje heim til feriebustaden, då kaoset oppstod. Me såg den kvite bilen som om køyrande, og brått var det fullstendig kaotisk, fortel Torgersen.

Ho seier dei vart skyssa med folkemengda inn i ein slags oppgang i eit bustadkompleks.

– Det må ha vore svært mykje folk ute for å feira nasjonaldagen denne kvelden?

– Ja, dei snakkar om at det var 40.000 menneske samla, seier ho. Og ulikt tradisjonar her i landet, er heile familiane ute, med små og store barn. Meldingane gjennom media går då også ut på at mange av dei drepne er barn.

Torgersen fortel at dei fekk naturleg nok ikkje tak i drosje, skadde, pårørande og andre som hadde behov for hjelp vart prioriterte.

– Me praia til slutt ein privatbilist som køyrde oss heim, seier ho. Dei passerte mellom anna barnesjukehuset i Nice, der det var hektisk aktivitet og trafikk.

– Korleis opplevde de denne situasjonen?

– Det var jo sjokkarta. Me visste ikkje kva som hadde skjedd, men gjekk ut frå at noko alvorleg hadde skjedd. Men me har ikkje sove så mykje i natt, kan du vel seia, seier Torgersen på telefonen fredag føremiddag.

– Me vart redde etter kvart, det vart me. Då me kom oss i hus og fekk oversikt. Men i førstninga ar det så uoversiktleg at då var det mest sjokket, seier ho til slutt.

Fredag reiste dei vidare til nytt feriemål i Frankrike.

– Me kan ikkje la slike galningar stansa oss, då vinn dei, slår ho fast.

Minst 84 personar vart drepne då ein fransk-tunisisk mann køyrde inn i folkemengda på den berømte Promenade des Anglais i Nice torsdag kveld då Frankrike feira nasjonaldagen sin. Gjerningsmannen skaut også rundt seg før han sjølv vvart skoten og drepen av politiet. Nice er eit populært turistmål og titusenvis tilreisande turistar og fastbuande var ute for å avslutta nasjonaldagsfeiringa i den varme sommarnatta då terroren råka.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!

Gjengen frå Rubbestadneset koste seg på Hard Rock Café berre minuttar før det small på strandpromenaden torsdag kveld. F.v. Anne-Marie Torgersen, Helge Bunes, Brit Bunes og André Bunes. Hege Bunes er fotograf.