Vann med zombie-apokalypse

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det her er kjempestort, eg får lyst til å seie «kan det bli større?» Prisen heng veldig høgt for forfattarar, seier Sigbjørn Mostue til NRK etter at han har motteke Uprisen for «I morgen er alt mørkt».

LES OGSÅ: Uprisen 2014 til Thomas Enger

Råe ungdomskritikarar
Ifølgje prisvinnaren, som skriv både vaksen- og ungdomslitteratur, er ungdom dei råaste kritikarane som finst.

Uprisen for årets ungdomsbok vert delt ut av ein jury beståande av skuleelevar frå sju juryklassar og vert årleg arrangert av Foreningen !les, Den kulturelle skulesekken og Norsk litteraturfestival.

Sjølve prisutdelinga gjekk føre seg under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer i dag.

Vinnarboka «I morgen er alt mørkt» er ein endetidsroman der eit virus startar zombie-apokalypsen i Japan. Kaoset breier seg heilt til trygge Noreg og veltar om på livet til den forelska tenåringsguten Brage.

Juryen likte spenninga i boka, som har mange uventa vendingar. Ungdommane la vekt på gode karakterskildringar og at boka fekk dei til å både le, grine og kaste boka i veggen.

– Boka tek opp tema som me ungdom er interessert i, som forelsking, sjalusi og kva som kan skje om verda slik me kjenner ho er borte for alltid. Slutten gav oss òg mykje å tenkje på og me diskuterte kva som eigentlig skjedde, understrekar juryen, som allereie gler seg til oppfølgjaren som har fått tittelen «I morgen er alt mørkt. Brages historie».

LES OGSÅ: Mannetung Upris

Gode bokmeldingar
Elevar i ungdomsskulen skreiv i fjor 1200 bokmeldingar av norske ungdomsbøker utgitt i 2014.

– Eg har lese mange av bokmeldingane og det er høg kvalitet på dei, rosar Mostue, som takkar elevane både for prisen og for at dei les bøker.  

Basert på desse bokmeldingane nominerte ein ungdomsjury fem bøker, som sju juryklassar i sju fylker har lese og diskutert.

Dei andre nominerte var:

• «1957» av Jon Ewo, Cappelen Damm

•  «Soledad» av Tor Arve Røssland, Aschehoug

•  «De som ikke finnes» av Simon Stranger, Cappelen Damm

•  «Blodspor i Klondike» av Johan B. Mjønes, Aschehoug

– Interessant innsikt 
Ungdommane tek ikkje omsyn til noka form for kvotering, difor var det i år ingen nynorske bøker eller kvinnelege forfattarar blant superfinalistane.

– Uprisen gjev oss interessant innsikt i kva slags litteratur ungdom føretrekk og kvifor dei gjer det. Samstundes ser me at det å få lov til å møte litteraturen med eit kritisk blikk, bidreg til leselyst og interesse for litteratur hos ungdom, seier dagleg leiar i Foreningen !les, Wanda Voldner i ei pressemelding.

Sjå Sigbjørn Mostue fortelje om boka her: 

Faktaboks

Sigbjørn Mostue (fødd 1969)

Norsk forfattar frå Kløfta, busett på Jessheim

Har hovudfag i Idéhistore frå Universitetet i Oslo

Tidlegare redaktør i Bokklubben

Debuterte som forfattar med romanen «Gravbøygen våkner» (2005). Boka var den første i serien «Alvetegnet» og vann Arks barnebokpris same år

Nominert til Brageprisen for «Krakens gap» 2007

Har skrive fleire spenningsbøker for barn og ungdom i tillegg til krim for vaksne saman med Johnny Brenna.

Juryklassane er:

Nord-Trøndelag: Vuku Oppvekstsenter
Oppland: Biri ungdomsskole
Akershus: Kråkstad skole
Møre og Romsdal: Stokksund skule
Troms: Andørja Montessoriskole
Hedmark: Løten ungdomsskole
Sør-Trøndelag: Selbu ungdomsskole