Vann delfinale

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vidare i Forsker Grand Prix

Torsdag blei det arrangert delfinale i Forsker Grand Prix på Folken i Stavanger, der ti doktorgradsstipendiatar konkurrerte i å formidla forskinga si på best mogeleg måte, framføre dommarar og publikum. Folken var fullsett og det heile blei filma og skal vises på NRK Kunnskapskanalen.

LES OGSÅ: Wham bam Ida-slam 

Skjoldabu vann
Det var Cecilie Haraldseid fra Skjold, som er sjukepleiar, lektor og forskar ved sjukepleiarutdanninga på UiS som vann, og saman med Elin-Johanne Katle fra SUS som ble nummer to, reiser ho til Oslo neste helg for å konkurrera mot stipendiatar frå heile landet.

Cecilie Haraldseid sitt forskingsprosjekt er å utvikla innhaldet på eit digitalt læreverktøy for å betra sjukepleiarstudentar sine tekniske og kunnskapsmessige praktiske ferdigheiter. Prosjektet har som mål og både utvikla og studera studentane sin læringsprosess ved bruk av digitale verktøy i utdanninga. Haraldseid overbeviste både dommarar, som var Ole Ringdal frå Iris, kunstnar Hege Tapio, redaktør Lars Helle og publikum med mentometerknappar – og etter to rundar med forskingsformidling vann ho altså finalen.

LES OGSÅ: Få studentar blir vurderte som uskikka 

Drilla i presentasjonsteknikk
De ti stipendiatane som var med på dette er fornøgde blant anna fordi dei har blitt drilla i presentasjonsteknikk, noko som kjem godt med når dei seinare skal presentera og også disputere med doktorgradsavhandlinga si. Forskingsdagane henta konseptet til Noreg i 2010, og forskingsmiljøa i Bergen, Trondheim og Stavanger var med frå starten. Deltakarar er ph.d.- stipendiatar frå universitet, høgskular, forskingsinstitutt og bedrifter i regionen. I år blir det arrangert lokale finalar i Forsker Grand Prix i Stavanger, Oslo, Bergen, Trondheim og Kristiansand. Dei to beste frå kvar stad møtes i den nasjonale finalen i Oslo 27. september, som blir arrangert av Forskningsrådet.

Saka var først publisert i Grannar.