Valde Tyskland framfor strandliv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På den flotte plassen Gendarmenmarkt, midt i Berlin sentrum, står Liv Arntzen Løchen og beundrar Berlin Konserthus. Hun syntes det er godt å vera tilbake i byen ho har gode studieminner frå.

– Tyskland blir ofte sett på som det fornuftige studievalet, landet kan jo ikkje freista med strand og surfing. Heldigvis byrjar fleire å oppdaga at Berlin er ein kul by, seier Løchen.

Ho er ein av få som vel å studera i Tyskland. Sjølv om landet er Noregs viktigaste handelspartner, er det slett ikkje ein favoritt blant norske utvekslingsstudentar. Nye tal frå Lånekassen viser at det berre er 238 norske heilgradstudentar i Tyskland, det er 800 færre enn for tjue år sidan. Tyskland hamnar langt bak studiefavorittane Storbritannia, Australia, USA og Danmark, både blant heilgrad- og delstudentar. 

LES OGSÅ: – Bør satsa meir på språkfag

– Det er et paradoks at ikkje fleire nordmenn studerer i Tyskland, folk forstår ikkje kor mykje det me ser på som norsk kultur er påverka av det tyske. Tyskland har fått eit stempel på seg som lite kult, seier Lise Chatwin Olsen, som studerte eitt år i Tyskland som ein del av studiane til å  bli siviløkonom.  

Chatwin Olsen har fått tittelen VP- Vice President – i Thor Energy, eit lite norsk selskap som utviklar thorium-basert brensel til kjernekraftverk. Liv Arntzen Løchen jobbar som rådgjevar i Norges vassdrags- og energidirektorat, med energipolitikken til EU som spesialområde. Begge drog nytte av studieerfaringa i Tyskland for å kapra draumejobben i energibransjen i Noreg.

Les også: Norske utvekslingsstudentar vel engelsk

LITE KULT: Lise Chatwin Olsen meiner Tyskland har fått eit ufortent stempel som «lite kult» land.

– Tida i Tyskland har vore ein døropnar for meg, og har gjeve meg sjansar som eg elles ikkje hadde fått. Eg kan lesa forskingsartiklar på tysk, og er ikkje avhengig av omsetjingar. I tillegg har eg fleire kontaktar i energibransjen i Tyskland, noko som er nyttig når eg no jobbar med energipolitikk, seier Liv Arntzen Løchen.

– Eg jobbar ofte opp mot Tyskland i utviklinga av nye produkt. Skriv eg e-post til ein tyskar, skriver eg på tysk, det hjelper for å bygga opp ein personleg relasjon. Ein viser dessutan respekt til andre ved å kunne språket deira, seier Chatwin Olsen.

Liv Arntzen Løchen vonar at nye generasjonar med studentar ser potensialet som Tyskland har som studieland:

– Eg blir veldig glad når eg høyrer at Jonas Gahr Støre oppmodar borna sine til å læra seg tysk, trass i at han sjølv er frankofil, smiler ho.

LES MEIR OM STUDIAR OG JOBB I UTLANDET!