Valde sauepass føre studierelevant jobb

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sauer som sommarjobb

På Ringebufjellet med utsikt mot Rondane og nokre kilometer unna Østerdalen, ligg lange vidder med ulendt terreng og fjelltoppar. Ein strak grusveg førar fram til Tromsbua som ligg heilt der bilvegen stoppar. Her bur Pål E. Andersen i sommar. Den komande kiropraktoren takka nei til den studierelevante sommarjobben han var tilbydd i heimbyen Stavanger og drog til fjells.

Fjelljobb
– Dette er en ei moglegheit ein berre får ein gong i livet, seier han og fortel at i byrjinga kjendest det nesten som ein draum.

– Jobben er jo å gå i fjellet, legg han til. Eg må nesten klype meg i armen, å kunne gå i fjellet og få betalt for det er ein fin kombinasjon. Men etter kvart vert det jo kvardagen.

LES OGSÅ om korleis gjetarlivet er på gjetarbloggen til Pål.

På veggen inne i hytta på Tromsbua heng fleire par ullsokkar til tørk. Kaffi vert kokt før arbeidsdagen skal byrja. Sjølv om han bur her åleine, synest han ikkje det vert så veldig einsamt.

– Men det kan vere litt stusseleg, vedgår han.

Då er det kjekt når familie og vener kjem på besøk. Saueeigarar kjem ofte innom, og ein annan gjetar held til sju kilometer unna. Dei brukar ofte å samarbeide når dyr er på ville vegar.

Tre mil
Området kor sauene går, er stort. Andersen klarar så vidt å gå rundt heile området om han held på frå morgon til kveld. Ofte går han kring tre mil på ein dag. Han finn lam som har gått seg bort frå mora si eller ser etter sjuke dyr. 12 stadar er det satt ut saltstasjonar, der sauene kosar seg med saltet og samstundes vert registrert. Kvar sau har ein chip og saueeigarane kan fylgje med på kor dei ulike sauene oppheld seg ved hjelp av signal som vert sendt over nett. 

LES OGSÅ meir om elektronisk overvaking av sau

Tre millionar dyr går ute
I Noreg var det i 2010 gitt produksjonstilskot til 3. 285.809 grovfór-dyr. Dette er både storfe, geit, sau og hest.

– 2,9 millionar av desse går på innmarks – eller utmarksbeite i minst tolv veker, seier seniorrådgjevar Cecilie Askhaven i Statens landbruksforvaltning.

Sauer er det husdyret det finst desidert flest av her i landet. Talet på sau og lam har vore stabilt mellom 2,2 og 2,4 millionar sidan 1979, syner tal frå Statens landbruksforvaltning.

25000 drepne
Men det kan vere farleg å vere på beite utan tilsyn. Dei siste ti åra har nær 25 tusen dyr vorte drepne av rovdyra ulv, bjørn, jerv, gaupe og kongeørn, syner tal frå Direktoratet for Naturforvaltning. Dødsårsaka er anten vore dokumentert eller antatt.

LES OGSÅ meir om temaet i Rovdyrbasen.

I Oppland, der Andersen gjeter dyra i sommar, vart det teke 309 dyr av rovdyr i fjor. 60 av desse vart tekne av bjørn. 19 av sauene som bjørnen tok, vart tekne i Ringebu kommune, der Tromsbua ligg.

Har ikkje sett bjørn
– Så langt har eg ikkje sett verken rovdyr eller dyr som har vore skadd eller drepne av rovdyr, fortel Andersen. Han har funne døde dyr, men dei har dødd av sjukdom og har ikkje hatt ytre teikn på at noko rovdyr har gått til angrep på dei.

– Kva gjer du om du møter eit rovdyr?

– Rovdyr brukar å vere veldig folkesky. Eg har ikkje våpen med meg, berre kniv. Viss eg skulle møte på nokon rovdyr må eg nesten improvisere.

Beitesesongen varer til byrjinga av september, då vert dyra telt, vegd, klipt og frakta ned til bygda att.