Vakna til lukta av ny klimalov

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I natt gjekk alle partia på Stortinget unntatt Framstegspartiet inn for forslaget om at Noreg skal få ei eiga klimalov.

Grøn sak
Bak forslaget, som vart vedteke med 84 mot 19 stemmer, stod Miljøpartiet Dei Grøne, Senterpartiet og KrF.

Talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne, Rasmus Hansson, peikar på at det er no når ein skal sikra innhaldet i lova at arbeidet startar for alvor.

– Vår anbefaling er tydeleg: Me ynskjer sektorvise mål for utsleppskutt formulert på ein måte som folk flest kan forstå, seier Hansson i ei oppdatering på partiets Facebookside.

Lova skal innehalde nasjonale utsleppsmål for 2030 og 2050 – og vil innebere at regjeringa skal levere årlege klimabudsjett saman med statsbudsjetta kvar haust. Slik skal dei gjere greie for korleis dei vil nå klimamåla og korleis statsbudsjettet vil påverke norske klimautslepp.

Stortinget bestiller med dette vedtaket eit lovforslag frå regjeringa som skal vere klart for vedtak i løpet av denne stortingsperioden.

Klimatyngd
Òg WWF har engasjert seg i arbeidet for ei norsk klimalov og jublar over det historiske vedtaket.

– Det er heilt fantastisk at klimalova no har fått så brei politisk støtte. Det er strålande at Stortinget her har bestilt eit godt og konkret tiltak for betre styring og kontroll med utslepp og utsleppskutt. Saman med andre element som bør kome på plass kan dette vere med på å gje den norske klimalova den tyngda den treng, seier WWFs generalsekretær Nina Jensen i ei pressemelding.