Utleigarar lokkar med vaskehjelp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lokkar med vaskehjelp

Det er rekordmange ledige utleigebustader i Noreg, og talet på ledige utleigebustader på finn.no er no 9.700, fortel NRK. For å skilje seg ut i denne marknaden har fleire husutleigarar lagt til gratis vaskehjelp som gulrot.

Studentane, som slepp å vaske, og huseigarane, som slepp å tenkje på vasking, er tilsynelatande fornøgde. Men dei bør tenkje seg om ein ekstra gong, meiner Utleiemegleren.

– Eg forstår godt at huseigaren har lyst til å sikre at det blir vaska skikkeleg, men leigetakaren bør vere litt skeptisk. Det er ein fare for at vaskehjelpa gir detaljerte rapportar til huseigar, som ein ikkje trivst med, seier kommunikasjonssjef i Utleiemegleren Nikolaos Farmakis.

– Alle har lov til å ha det rotete og nokolunde skittent der ein bur, viss ein vil. Har ein vaskehjelp risikerer ein å bli irettesett av utleigar. Viss huseigar vil kontrollere reingjeringa bør han heller avtale ein inspeksjon, seier han.

Dei fleste bustadene der utleigar tilbyr vaskehjelp er i Stavanger, Oslo og Buskerud. (©NPK)

LES MEIR OM PRIVATØKONOMI HER!