Utfordrar NSB på dialekt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Neste stasjon er Bryne. Det blir avstigning på høyre side» seier høgtalarstemma på Stavangertoget med standard austlandsdialekt.

Om Norsk Målungdom får det som dei vil, skal ein kunne høyra på språket kvar toget er i landet.

– I Noreg har me mange dialektar, som avspeglar mangfaldet av norske identitetar og kulturar. Ein slik rik språkarv bør me som samfunn vere flinke til å syna fram. Her meiner me at dei store samfunnsaktørane har eit særleg ansvar. Dette gjeld ikkje minst dei som gir informasjon over høgtalaranlegg. Det seier nestleiar i Norsk Målungdom, Kristofer Olai Ravn Stavseng.

LES OGSÅ: Uroa over rekordstore auke i togtrafikken

– Glimrande sjanse
Kvart år reiser meir enn 40 millionar nordmenn med toga til NSB.

– Ettersom togselskapet når ut til så mange, i så mange delar av landet, har dei eit glimrande høve til å spegla dialektmangfaldet blant kundane sine. Dette kunne dei gjort ved å ta i bruk fleire dialektar i dei førehandsinnspelte høgtalarmeldingane sine, føreslår nestleiaren.
 
I august gav Norsk Målungdom skryt til Widerøe for at dei bruker ulike dialektar i standardmeldingane sine.

– Widerøe går føre som eit godt forbilde, og NSB og andre kan læra av dei. Kvifor kan ikkje ein med Gjøvik-dialekt spele inn meldingane til Gjøvik-banen, ein frå Stavanger spela inn til Jærbanen, og nokon frå Bodø eller Helgeland spela inn til Nordlands-banen? spør språkpolitikaren.

– Dersom NSB har vilje og lyst til å gjennomføra eit slikt dialekttiltak, er eg sikker på at dei får det til. Teknologien burde det i alle fall ikkje vera noko hinder. Dersom NSB hadde tatt fleire dialektar i bruk, ville dei vist meir respekt for kundane, for nedervd uttale og ikkje minst det norske språkmangfaldet. Det kan vera eit fint nyttårsforsett for NSB, avsluttar Stavseng.

LES OGSÅ: Tida har gått frå toget

Ingen dialektplanar
Til Framtida.no seier NSB at dei ikkje har planar om å få meir dialekt med det første.

– Dette skuldast avgrensingar på dei tekniske løysingane våre og talet på stasjonar, seier kommunikasjonsrådgivar Liv Eggebø ved NSB, og viser til at toga til NSB stoppar ved totalt 334 stasjonar.

Sjølv kjem ho frå Stavanger. Eggebø spør seg sjølv om ein skal bestemma seg for ein dialekt på kvar bane, eller ein for kvar stasjon. Berre for Jærbanen ser ho at det kan bli ei utfordring:

– Det er ganske stor forskjell på dialekten over denne strekninga, seier ho.