Utfordra Ap og Høgre til å snakke om olje og klima

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

–  Vi treng å diskutere korleis vi skal sikre verdiskaping og handtere klimaendringane. Nettopp det opnar denne boka for.

Det sa klima- og miljøminister Tine Sundtoft, då Anders Bjartnes lanserte boka Det grønne skiftet – Stans Norges veddemål mot klimapolitikken på Kulturhuset i Oslo torsdag morgon.

I boka går Bjartnes ut mot norsk klima- og energipolitikk, som han meiner ikkje heng saman.

Redaktøren i Norsk Klimastifelse og nettmagasinet Energi og Klima meiner Noreg gamblar på at klimapolitikken skal feile.

Ifølgje Bjartnes seier topp-politikarane at dei støttar visjonen om eit samfunn med nullutslepp av klimagassar. Samstundes ventar dei at etterspurnaden etter olje og gass vil verte høgare i framtida og let petroleumsomsyn gå føre.

Les intervjuet med Bjartnes her!

Boka rettar seg direkte til Noregs to største parti, som var representerte under boklanseringa. Klima- og miljøministeren sa under lanseringa at ho sat pris på Bjartnes si økonomiske tilnærming til klimaendringane.

Sundtoft sa også at vi ikkje kan vente at olje vil vere den same drivkrafta i norsk økonomi i framtida.

– Dei fleste er einige i at vi vil trenge olje framover, og at vi ikkje bør stenge kranane over natta. Brå endringar er ingen tent med. Oljesektoren vil ikkje vere den same vekstmotoren i framtida, men kompetansen frå oljeindustrien vil vere eit viktig bidrag, sa ministeren.

Skrekkscenarioet Detroit
Bjartnes opnar boka med å skildre korleis Detroit har gått frå å vere ein av dei rikaste byane i USA, til eit monument over ein stad som ikkje klarte å omstille næringslivet sitt fordi bilindustrien fortrengde all anna næring. Skrekkvisjon for Noreg, meiner Bjartnes.

Samanlikninga gjorde inntrykk på Kristin Halvorsen, som no er leiar for CICERO – Senter for klimaforsking. Ho var også til stades for å kommentere boka.

– Det er oppløftande at Bjartnes adresserer mainstream-politikken direkte. Olje- og gassressursane våre er truga av klimapolitikken, og no må energipolitikken bli 100 prosent inkludert i norsk klimapolitikk.

LES OGSÅ: Verdsøkonomien vart litt grønare i fjor

Halvorsen likte også ideen om eit CO2-fritt Nord-Europa.

– Eg håpar boka kan vere eit bidrag til å få klimavitskapen og finanssektoren til å møtest. Vi kan ikkje løyse klimaendringane med idealistiske ordningar, som bistand.

– Illusjon at Oljefondet er apolitisk
Bjartnes går hardt ut mot det han meiner er eit skilje mellom klima- og energipolitikken i Norge. Klima- og miljøminister Sundtoft uttala seg meir forsiktig. Ho sa at Noreg, i motsetnad til andre oljeland, har klart å kombinere olje- og gassproduksjon med å vere ein pådrivar for ein klimaavtale.

– Å snakke om kva olje som vil bli liggjande fordi det blir mindre lønsamt, framføre kva olje som bør bli liggjande er ei viktig endring i debatten. Det er eit godt bilete på at vi må sjå kvar marknaden går. Ein god avtale i Paris vil kunne endre kva som er lønsamt, sa ho.

I boka føreslår redaktøren å bruke Oljefondet til å bringe verda på klimariktig kurs, ved å investere i fornybar energi og klimariktig infrastruktur. Sundtoft meinte derimot at Oljefondet ikkje er eit politisk verkemiddel, slik politikken ser ut i dag.

– Det er ein illusjon at Oljefondet er apolitisk, sa Bjartnes til det.

LES OGSÅ: «Grøn industri – orda som smakar fridom»

Usikkert om Barentshavet
I tillegg til Sundtoft, var Nikolai Astrup til stades for å tale Høgre si sak. Han er medlem i Stortingets energi- og miljøkomite og parlamentarisk nestleiar i Høgre. Hadia Tajik representerte Arbeidarpartiet, der ho er nestleiar.

Eit av spørsmåla dei to politikarane fekk var korleis vi skal unngå å sitje med «stranded assets» i form av ulønsame petroleumsfelt. Bjartnes brukar kolsatsinga på Svalbard som døme, der selskapet Store Norske investerte stort i tru på at framtida såg lyst ut for kol. Fire år seinare har Lunckefjell-gruva blitt kalla eit økonomisk mareritt før den opna. Store økonomiske verdiar er kasta vekk, skriv Bjartnes.

– Vi må klare å fange opp og bruke den kompetansen som går ut av oljeindustrien. Som politikarar må vi styrke ordningane som leier folk i grøn retning, sa Tajik, som la vekt på at politikarane må lage reguleringar som leier næringslivet i klimariktig retning.

I boka er Bjartnes særleg kritisk til utbygging i krevjande område som Barentshavet eller ved Jan Mayen. Oljen og gassen frå områda skal konkurrere i ein marknad der fornybar energi stadig står sterkare, og vi kan risikere å satse på felt som ikkje vert lønsame i ei framtid der klimapolitikken vert vellukka.

Spørsmålet om Barentshavet er testcasen og partia kan ikkje få lov å halde klimapolitikken utanfor i avgjersla, meiner Bjartnes.

– Om Barensthavet er testcasen kjem an på kva ein finn der. Johan Sverdrup-feltet synte seg å vere ein skjult elefant i eit område der ein trudde det var tomt. Eg meiner vi ikkje skal avvikle olje- og gassproduksjonen, fordi verda framleis vil trenge olje og gass. Vi må heller lukkast med karbonfangst og – lagring. Om vi skal avvikle oljeindustrien, kjem vi aldri til å kunne erstatte dei enorme inntektene og vi må tilpasse oss ein heilt ny normal, sa Astrup.

Dette meiner ungdomspolitikarane om saka.