Ute med si niande bok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny bok om tvangsekteskap

Fatima, ei 18 år gammal norsk-somalisk kvinne, vert borte frå Stord vidaregåande skule, der ho er elev. Mykje tyder på at det er familien hennar som står bak forsvinninga, og at ho skal sendast til Holland for å giftast bort til ein eldre somalisk mann.

Fatima si bestevenninne, Silje, startar opp med sin eigen leiteaksjon, assistert av den eldre, litt lurvete dagdrivaren, Salomon Sander. Dei to veit knapt nok kva for fare dei utset seg for når dei gjev seg i kast med ein motstandar som byggjer livsoppfatninga si på ei blanding av gamle landsbyskikkar og strenge religiøse dogme.

– Saka tek ei ny retning når fleire avisredaksjonar mottek ein mail, skriven av ein som kallar seg Alfred von Tirpitz, og som påstår at det er han som har bortført Fatima. I detalj skildrar han ein bestialsk plan. Ein spaningsroman som tek opp i seg eit dagsaktuelt tema, me ikkje lenger kan skyva under teppet, skriv Bokforlaget Publica i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Memoarar frå ein nesten-statsråd

Allsidige Per Jan Ingebrigtsen har gjeve ut både diktsamlingar, skodespel, høyrespel og barnebøker. I alt åtte eigne skjønnlitterære bøker, pluss reine sceniske verk.

Han har vore representert med dikt, songar, noveller og eventyr i fjorten antologiar på ulike forlag, i tillegg til dikt, eventyr og scenar frå skodespel, i fleire læreverk innan norsk- og dramafaget.

Ingebrigtsen har òg medverka med songtekstar på til saman tolv plater, mellom anna på utgjevingar med Kenneth Sivertsen, Ivar Medaas og Helge Jordal. Han har fått skodespel framført på fleire profesjonelle scenar i inn- og utland.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.