Utan læreplass på sjukehus

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Per 15. november 2010 hadde 84 prosent av dei som hadde lærlingplass på førsteplass, fått dette. Det viser tal frå Utdanningsdirektoratet etter at formidlinga no er slutt. Det er dermed blitt 562 fleire læreplassar enn i fjor.

Populært med helse- og sosial
Tala viser det er ein aukande mangel på læreplassar innan helse- og sosialfag. Talet på plassar innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget er om lag det same som i fjor, bidreg fleire søkjarar til faget til ein lågare del formidla på 3,8 prosentpoeng (66,9 prosent i 2009 og 63,1 prosent i 2010).

Innanfor helsearbeidarfaget har ein lågare del formidla på 8,3 prosentpoeng samanheng med at søkjartalet til helsearbeidarfaget har gått opp med 24 prosent.

Fagforbundet reagerer
– Me veit at det er eit kjempebehov for faglært arbeidskraft innan helse- og omsorg. Likevel ser ein at det ikkje blir oppretta fleire læreplassar. Det er ganske utruleg at det er det offentlege som er verst, seier Linn Hemmingsen, leiar for Fagforbundet Ungdom.

Ifølgje ho er det særleg innan for dei offentlege helseføretaka at det er mangel på læreplassar. No krev ho at politikarane tek grep.

– Dette er ikkje berre ungdomspolitikk. Det er av interesse for heile samfunnet at ein skaffar nok fagutdanna arbeidskraft innanfor helse- og sosialfag, understrekar Hemmingsen.

– Det er jo fælt å sjå tala, men det er jo også positivt å sjå at fleire vil ha læreplass innanfor helse- og sosialfag. Men dette kan jo snu. Kven vil ta ei utdanning der ein ikkje får plass?

Lovfesting av rett til læreplass er einaste vegen å gå, meiner leiaren for Fagforbundet Ungdom.

Auke i næringslivet
Det er fleire formidla læreplassar i næringslivet, men også her er det nokre fag der talet på ungdommar utan plass aukar. Fleire søkarar til elektrikarfaget og energimontørfaget bidreg til at delen formidla blir lågare.

Delen av søkarane med læreplass som sitt førsteønske som er formidla på landsbasis er 83,8 prosent. Det er ein større del enn i 2009 i mange fylke. Størst auke i mengder formidla plassar har Østfold (25 prosent), Oslo og Oppland (høvesvis 12 og 13 prosent).