Ut av skapet som heks

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det blir sagt at ein ikkje kan finne wicca, men at wicca finn deg, seier Anniken Bye.

Anniken er 22 år, kjem frå Oslo, bur i Bergen, og studerer filosofi på universitetet. Og så er ho heks. Det vil seie at ho praktiserer wicca, ein paganistisk naturreligion, som stammar frå eldre paganistiske naturreligionar. Paganisme er ei samleeining for ulike eldgamle naturreligionar.

– Wicca er ein nyare versjon, som går ut på å leve mest mogleg i samsvar med naturen. Det handlar mykje om å bli kjent med seg sjølv på eit djupare, meir spirituelt nivå, forklarer Anniken.

Wicca går tilbake til 1950-talet, og vart grunnlagt av Gerald Gardner. Det eksisterer fleire undergrupper av religionen, og ulike måtar å praktisere den på.

Bruker tarotkort
Dei fleste av oss ser kanskje for seg nokon frå anten teikneserieverda eller Harry Potter-bøkene når vi høyrer orda «heks» og «heksekunst». Dette er ord som er heilt vanlege innan wicca, der heksekunst kan vere ulike formar for det dei kallar manipulering av energi. Til dette er det mange som bruker urter for å til dømes lage drikker eller spray som vernar mot vond energi. Anniken føretrekk å bruke tarotkort når ho praktiserer wicca.

– I byrjinga følgde eg berre den brukarrettleiinga som følgde med korta, men etter kvart har eg lært meg å bruke intuisjonen min til å få svar frå korta, seier ho.

LES OGSÅ: Vikingane brukte magi i krig

LES OGSÅ: "Lidt spiritisme" til Halloween

Pubtreff

Det mange kanskje ikkje veit, er at det er eit aktivt miljø for paganisme og wicca i Noreg. Bergen blir sagt å ha eit av dei større miljøa, og facebookgruppa «Hekser i Bergen/Pagans in Bergen» har nesten 100 medlemmer. Der blir det invitert til pubtreff ein gong i månaden, for å utveksle erfaringar med likesinna.

Anniken har ikkje vore med på treff saman med andre hekser, men fortel at ho set pris på facebookgruppa, der ho kan lære av andre som er meir erfarne enn ho sjølv. Interessa hennar for heksekunst vart vekt tidleg i livet, av TV-serien «Charmed», som handlar om tre søstrer som også er hekser. Tidleg i tenåra las ho eit intervju med ei som kalla seg heks i eit blad, men det var ikkje før seinare, då ho var rundt 15, at ting begynte å falle på plass.

– Eg hadde ei venninne som begynte å praktisere wicca, og eg innsåg at mykje av det eg tenkte, og måten eg forstod verda på, gjekk igjen der, seier ho.

Dei første åra berre las ho om religionen. Men etter kvart begynte ho sjølv å utføre ritual og feire høgtidene til wicca.

LES OGSÅ: Inn i elden: ei gripande bok heksebrenning

Alter for det sprirituelle

På soverommet har Anniken eit alter, der ho mellom anna oppbevarer tarotkorta sine, saman med diverse stearinlys og røykjelse.

– Alteret er ein plass for det spirituelle i heimen. Det minner meg på at det er meir enn berre det materialistiske i kvardagen, forklarer Anniken.

Det er også ved alteret det er vanleg for wiccapraktiserande hekser å tilbe gudane sine. I religionen eksisterer det ein Gud og ei Gudinne, men for dei fleste er dette symbolske figurar, og ikkje like konkret som til dømes kristendomens Gud.

– Gudane blir berre ein måte å relatere seg med verda på, seier Anniken, som sjølv føler at wicca er meir eit livssyn enn ein religion.

Sentralt i wicca ligg ei forståing om at ein ikkje skal tvinge religionen eller livssynet over på andre.

– Det er også ein religion med få reglar. Det er retningslinjer, til dømes på korleis ein skal arrangere ting på alteret sitt, men ein skal alltid gjere det ein sjølv føler er riktig, seier Anniken.

LES OGSÅ: Hyllar heksene

Sabbat
Høgtidene i wicca blir kalla sabbat, og samsvarer mykje med dei kristne høgtidene i tid. Dei følgjer årstidene, og neste sabbat er 31. oktober, på sjølvaste Halloween.

– Det er den tida på året der det er tynnast mellom vår verd og den andre sida. Då feirar vi døden, rett og slett, seier Anniken.

Anniken kom nyleg «ut av skapet» som heks på sin personlege blogg, der ho deler både kvardagslege og spirituelle delar av livet sitt.

– Eg er veldig opptatt av å kunne vere meg sjølv, og bloggen var ein fin stad å kunne gi ein full forklaring til dei som kjenner meg. Men det var også veldig lærerikt for meg sjølv å skrive det innlegget, og få sortert tankane mine rundt temaet, seier ho.

Ho seier at ho tidlegare har fått litt varierte reaksjonar på livssynet sitt.

– Seier eg at eg er heks så har jo folk ofte ein tendens til å le litt, og enkelte trur vel kanskje at eg berre lever meg for mykje inn i TV-seriar. Men etter at eg skreiv det innlegget på bloggen har eg fått mykje positiv respons, seier ho.

LES OGSÅ: Politiet seier nei til slik på Halloween

Faktaboks

Wicca er ei nyreligiøs rørsle eller ein kult av typen nypaganisme, som har fokus på naturen, morgudinner, magiske ritual og hekseri, ifølgje Allkunne.no.

Les meir på SNL.no og Wikipedia eller på wicca.no.