Urolege for bokmålstvang

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uroa for bokmålstvang

Bakgrunnen er det nystarta byrået Riks AS, som skal levere såkalla nyttejournalistikk til dei fem storbyavisene Aftenposten, Fædrelandsvennen, Stavanger Aftenblad, Adresseavisen og BT.

BT-journalistane krev no at journalistane i det sentrale byrået får den same språkfridommen dei har i avisa, det vil seie at dei valfritt må få skrive på nynorsk eller bokmål.

– Noko anna vil endre Bergens Tidenes identitet som vestlandsavis og Vestlandets mediehus på ein uakseptabel måte, skriv klubben i ei samrøystes fråsegn til BT-redaktør Gard Steiro.

LES OGSÅ: "Avisa nynorsk" er størst

Skepsis
Klubbleiarane i dei fem avisene var i utgangspunktet skeptiske til storsatsinga på felles featurestoff og frykta det kom til å redusere det journalistiske mangfaldet.

– Men no viser det seg at det ikkje berre blir mindre journalistisk mangfald, men også mindre språkleg mangfald, seier klubbleiaren i BT, Arild Berg Karlsen, til fagbladet Journalisten. For i Riks har BT-journalistane no fått vite at bokmål skal vere einaste målforma.

– Vår journalist på reiseliv har skrive både bokmål og nynorsk. Til dømes er nynorsk brukt når reiselivsreportasjane har vore frå nynorskområde i Noreg, seier han.

LES OGSÅ: – Det er på tide at me tar pennen fatt

– Viktig, men komplisert
Redaktør Gard Steiro seier til Journalisten at nynorsk er viktig for avisa.

– For BT er det svært viktig at vi tar vare på begge målformene. Prinsippet er at journalistane her vel sjølve kva form dei vil bruke. Det har vi lang tradisjon for. Det har gjort BT til ei betre avis, seier Steiro.

Redaktøren peikar elles på at det kan vere komplisert å få plass til nynorsken i fellesstoffet når somme av avisene i samarbeidet har som prinsipp at dei ikkje skal ha nynorsk, det vil seie Aftenposten. (©NPK)