Uroa over dyre utanlandsgrader

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aldri før har så mange norske studentar valt å studere i utlandet. I fjor var tilsaman 23.442 studentar i andre land. Storbritannia var det mest populære landet, med 4688 norske studentar. Norske heilgradsstudentar betalar i gjennomsnitt 100.000 kroner i året i skulepengar der. På trass av dette vel mange landet grunna høg studiekvalitet.

Gjeldsbyrde
Linn Kristine Gjesdal skal i haust starte på ein bachelorgrad i økonomi ved University of Edinburgh. Ho var først skeptisk til kostnadane ved å reise ut, men trur ho vil tene på å reise.

– Først tenkte eg at det var alt for dyrt. Eg må betale kring 120.000 kroner i året i skulepengar. Eg fann likevel ut at det var verdt det. Eg ville studere økonomi og her er det NHH som er best på det. Sidan eg har budd i Sandviken heile livet ønska eg å få nye opplevingar, seier Gjesdal.

– Vi fryktar at det etterkvart berre blir dei som kan få hjelp heimefrå som har råd til å reise ut, seier Henriette N. Thommessen, leiar i ANSA (Association of Norwegian Students Abroad).

LES MEIR OM UTVEKSLING HER!

Ifølgje Statens Lånekasse må vil ein student som tek ein gjennomsnittleg bachelorgrad i Storbritannia etter enda utdanning ha 392.069 kroner i lån med dagens, medan ein med tilsvarande grad i Noreg har 204.069 kroner i lån. Nedbetalinga av lånet vert då på 6438 kroner i kvartalet i 20 år for ein grad frå Storbritannia, mot 3525 kroner i kvartalet i 19 år for ein grad i frå Noreg, med dagens rente.

Høg studiekvalitet
Linn Kristine Gjesdal forventar mykje av studiane ved University of Edinburgh.

– Universitetet kjem høgt opp på rankinglistene, og er kjent for å ha gode forelesarar og professorar. I tillegg er det mange gode tilbod om aktivitetar utanfor studiet, seier ho.

ANSA meiner også studiekvalitet og ekstra kompetanse veg tungt når studentar vel å reise til utlandet.

– Det er mange bra lærestader å velje mellom i utlandet. Med på kjøpet får ein også ein tilleggskompetanse i språk og kultur, og dette er ønska i næringslivet, seier Thommessen.

LES OGSÅ: Valde vekk norsk utdanning

Sparer pengar
Medan norske studentar betalar mykje for studieplassane sine i utlandet, sparar den norske staten mykje på dei som reiser ut.

– Staten sparer to milliardar kvart år på at dei slepp å opprette fleire studieplassar her heime. Dette tilsvarer 3 prosent av Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, og heile 23 prosent av budsjettposten for utdanningsfinansiering, seier Thommessen.

Trass dette har studentar i utlandet fått stadig dårlegare lånetilbod.

– Stipenddelen av skulepengane som ein låner frå Statens Lånekasse har blitt mykje dårlegare dei siste åra. Den reelle stipenddelen av skulepengelånet er no for mange så lite som 25 prosent, seier Thommessen.

– Sats på norske handelspartnerar
NHO rår norske studentar i utlandet til å velje studieland med nære relasjonar til Noreg.

– Dersom ein skal ta ein heil grad i utlandet er det viktig at ein reiser til land som betyr noko frå norsk næringsliv, meinar Are Turmo, kompetansedirektør i NHO (Næringslivets Hovedorganisasjon).

Han dreg fram som Sverige og Tyskland som spesielt viktige for Noreg. Talet på norske studentar i Tyskland hadde for første gong på 17 år ein liten oppgang førre studieår. Dette er også eit av dei billigaste landa å studere i for nordmenn, då ein må betale svært lite i skulepengar.

– Utdanning frå land som vi handlar mykje med trur eg vil kaste av seg på sikt, uansett om ein gjerne betalar mykje for til dømes ein grad i frå Storbritannia. I dette landet finn ein også nokre av dei beste universiteta i verda, seier Turmo.

Det norske studentar i utlandet kan tape mest på er mangelen på eit profesjonelt nettverk i Noreg, dersom dei ønskjer å jobbe her.

– Dei som har ein grad i frå utlandet må jobbe meir bevisst med å selje seg inn i arbeidsmarknaden. Dersom dei klarer å vise at utdanninga deira held høg kvalitet og gir god kompetanse, så stiller dei sterkt, seier Turmo. 

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

STUDIEGJELD:

– Gjennomsnittleg gjeld etter ein bachelorgrad i Storbritannia er 392.069 kroner.
 – Gjennomsnittleg gjeld etter ein bachelorgrad i Noreg er 204.069 kroner.
 – Etter ein grad frå Storbritannia må ein betale ned 6438 kroner i kvartalet i 20 år.
 – Etter ein grad frå Noreg må ein betale ned 3525 kroner i kvartalet i 19 år.
 – Maksimal nedbetalingstid hos Statens Lånekasse er 20 år, og nedbetalingstida er lenger jo høgare lån ein har.
 – Maksimalt lån per år er 176.324 kroner for ti månader.

Kjelde: Statens Lånekasse