Universitetet i Bergen får stryk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

UiB får stryk på eksamen på nynorsk

 Då studentane på administrasjons- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB) fekk utdelt heimeeksamen i vår var det mange feil i den nynorske versjonen. Det er ikkje studentane nøgde med.

Martin Årseth, nestleiar i Studentmållaget, meiner slike skrivefeil er eit altfor vanleg fenomen og oppmodar studentane til å klage på førelesarane når dette skjer.

– Det er rett og slett pinleg for Universitetet, seier han.

Studentparlamentet meiner dei dårlege dugleikane i nynorsk ved UiB kan gå ut over studentane sine eksamensresultat og ønskjer å ta tak i problemet.

Sjå reportasjen frå Bergen Student-TV!