Universiteta skal investere grønare

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 2017 vil Universitetet i Oslo (UiO), NTNU og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) fjerne olje, kol og gass frå investeringane sine til fordel for grønare alternativ, melder NRK.

Ifølgje utrekningar frå Framtiden i våre hender vil utsalet vere på 183 millionar kroner.

– Universiteta er noko av det mest berekraftige vi har i eit demokratisk samfunn. Då må det vere ein likskap med pengane som kjem til universiteta og pengane vi representerer, seier Hans Jørgen Stang, direktør i Forvaltningsstiftelsen for fond og legater, UNIFOR, til NRK.

Målet er heilt fossilfrie investeringar innan fem år. Framtiden i våre hender seier dette er ein merkedag i miljøhistoria.

– Det viktigaste er at Noregs fremste kunnskapsinstitusjonar no sender eit glasklart signal om at dei tek ansvar for miljøet, seier Christoffer R. Klyve, konstituert leiar i Framtiden i våre hender.

UNIFOR har ein forvaltningskapital på om lag to milliardar kroner og forvaltar pengar som går til forsking. Dei ser på det som ei strategisk avgjerd å trekke ut alle dei investeringane som er med på å skade miljøet på lang sikt.

LES OGSÅ: – Ein grøn investeringsbank kan vere vegvisar, seier studentane bak ei prisvinnande masteroppgåve