Unge Venstre opnar for Frp

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landsmøtet til Unge Venstre vedtok i dag, laurdag å gå inn for ei borgarleg regjering, sjølv om det betyr at Framstegspartiet også får sitja kring Kongen sitt bord.

– Den største trusselen mot ein framtidsretta miljøpolitikk og ein anstendig innvandringspolitikk er ei mindretalsregjering som gjev Arbeidarpartiet spelerom. Ei mindretalsregjering med Høgre og Frp vil gjera det vanskeleg å finne innverknad for Venstre i nettopp desse sakene, sjølv om ein inngår eit borgarleg budsjettsamarbeid. Dette er ein sjølvstendig grunn til å søkja regjeringsdeltaking etter valet i 2013, og å ynskja eit samarbeid med alle borgarlege parti, heiter det i vedtaket frå landsmøtet.

Unge Venstre føretrekk å sitja saman med Høgre og Kristeleg Folkeparti, og seier at valresultatet vil avgjera om Venstre vil søkja regjeringsmakt.

Totalt er 110 delegatar samla på landsmøtet på Hamar.

Sjå debatten om regjeringsdeltaking her:


Watch live video from Unge Venstre on Justin.tv