Unge kjøper bustad med forbrukslån

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjøper bustad med forbrukslån

– Det er skremmande at unge vil bruke forbrukslån til å finansiere bustad. Lån som ein får utan at det blir stilt krav om sikkerheit, er mykje dyrare enn vanlege bustadlån. Dette er å ta svært stor risiko og det må ein åtvare mot, seier LO-sekretær Kristian Tangen til Dagsavisen.

530 personar har vore med i undersøkinga. Kvar tiande svarar at dei vil finansiere eigendel ved bustadkjøp med forbrukslån, med effektiv rente som kan nå 40 prosent. Samstundes svarar berre tre av ti at dei kjenner til det gunstige startlånet frå Husbanken med rente på drygt 2,3 prosent.

– Unge som slit med å kome inn på bustadmarknaden må få vite kva mulegheiter som ligg i startlånet. Både Husbanken sjølv og kommunane, som forvaltar desse midlane, har eit ansvar for å gjere startlånet meir synleg, seier Tangen.

Les òg: – Treng bustadar berre for unge

Forbrukarøkonom Christine Warloe meiner at det å ta opp forbrukslån for å dekke inn eigenkapital, er å lure systemet som gir bustadlån. Retningslinjene slår fast at ein ikkje skal låne over 85 prosent av verdien til bustaden. Forbrukslån blir ikkje nødvendigvis fanga opp av bankane som leitar etter betalingsmerknader før neste likningsår. I retningslinjene heiter det vidare at eigenkapital skal vere eigne middel og ikkje lån.

– Fenomenet tyder på ein desperasjon blant dei unge, som er dramatisk. Det er kryssa ei grense. Kan ein ikkje stille med eigne pengar, eller tilleggstryggleik, så tilfredsstiller ein ikkje dei nye retningslinjene til Finanstilsynet, konstaterer ho. (©NPK)

Les òg: – Bustad bør vere ein rett