Unge kan få traume gjennom media

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Media kan gje unge traumer

Forskingsprosjektet ung@hordaland vart gjennomført i 2012 for å kartleggja ungdommar i den vidaregåande skulen si psykiske helse og funksjon i dagleglivet. Over 10.000 ungdommar deltok i undersøkinga.

LES OGSÅ: Venner og kjærastar av 22. juli-offera kan ha blitt oversett

Personleg truga utan å vera til stades
Analyser av svara, utført av forskarar ved Uni Research helse i Bergen, syner at terroråtaka som fann stad i Oslo og på Utøya sju månader før undersøkinga, hadde sett djupe spor i ungdomane. Over halvparten oppgav at dei opplevde hendingane som personleg livstrugande i større eller mindre grad, sjølv om svært få hadde vore personleg involverte.

Særleg dei som hadde vore vitne til eller utsette for vald eller seksuelle overgrep i barndomen, var sårbare for å utvikla symptom på posttraumatisk stress berre ved å følgja mediedekninga av terroren. Særleg innvandrarungdom, som kan ha flykta frå krig eller andre dramatiske hendingar, var plaga i etterkant av hendingane.

– Me byrjar å skjøna meir av konsekvensane av traume tidlegare i livet. Funna våre heng saman med resultat frå hjerneforsking, som syner at traume tidleg i livet gjev endringar i hjernen som påverkar evna til å handtera stress, regulera stress og kjensler, seier Dag Øystein Nordanger, forskar og psykologspesialist ved Regionalt kompetansesenter for born og ungdom vest, Uni Research helse på heimesidene til Uni Research.

LES OGSÅ: Ingen pengar til 22.juli-tiltak

Tidleg førebygging – ei investering for livet
Resultata samsvarar med tidlegare studiar, som har vist at born og unge i område som har vore utsett for terror har høgare nivå av posttraumatisk stress enn andre. Det var tilfelle både etter bombinga i Oklahoma City i 1995 og etter terroren i New York 11. september 2001.

Nordanger meiner funna fortel at førebygging av vald og overgrep tidleg i livet, samtidig er førebygging av reaksjonar på dramatiske hendingar som kjem seinare.

– Alle i helsevesenet som jobbar med ungdom må vera merksame på at personar med ei vond historie frå tidlegare kan få ein vanskeleg periode sjølv om dei ikkje var direkte råka av terror, seier Nordanger til nettstaden. (©NPK)