Unge jenter vel farleg i trafikken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange 16 år gamle jenter utset seg for stor fare i trafikken.

Overraskande mange
Det kjem fram i to spørjeundersøkingar gjort av Trygg Trafikk i åra 2008-2010. Her deltok det til saman 1091 jenter som akkurat hadde meldt seg inn i Jentenes trafikkaksjon. På det tidspunktet var dei 16 år gamle.

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

– Dette er jenter som syner interesse for trafikktryggleik. Me er difor overraska over kor mange som har opplevd farlege situasjonar på vegane, seier prosjektleiar Siri Persheim Kola i Trygg Trafikk.

Skremande tall
Ein eller fleire gongar dei siste 12 månadene har:

    9 prosent av jentene site på med ein sjåfør som har drukke alkohol.
    2,4 prosent site på med ein bilførar påverka av narkotika.
    34 prosent ikkje brukt bilbelte i framsetet.
    52 prosent ikkje brukt belte i baksetet.
    20 prosent vore passasjer når det har vorte kappkøyrt med bil.

I tillegg fortel 61 prosent at dei i løpet av livet har opplevd at nokon dei kjenner godt er skadd i ei trafikkulukke.

Eit stor problem
– Tala for alkoholpåverka køyring er svært høge. Dette kan vera eit stort problem i mange ungdomsmiljø, seier Persheim Kola.

LES OGSÅ: Krev fartssperre og alkolås

Til samanlikning synte ei undersøking av 9000 norske bilistar i 2008-2009 (Folkehelseinstituttet/TØI) at 0,3 prosent køyrde i alkoholpåverka tilstand. Narkotiske stoff vart påvist hjå to prosent av sjåførane.

– Me vart også overraska over kor mange som ikkje brukar bilbelte. I Noreg ligg bruksprosenten på over 90. Det er difor skremande at så mange ungdommar sit usikra i bil, seier prosjektleiaren.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!