≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Samfunnsøkonomi, Bustad

Unge fryktar framtida

Ungdom ser heller mørkt på den økonomiske framtida. Årsaka er problema med å koma inn på bustadmarknaden.

Svein Olav B. Langåker
onsdag 30. mai 2012 11.57

Unge fryktar framtida Solnedgang over heisekranane i Nydalen i Oslo. FOTO: Christoph Schmitz/Flickr/CC-lisens

Trua på landet sin økonomi har blitt sterkare i alle andre aldersgrupper enn for dei mellom 15 og 29 år. Det viser Forventningsbarometeret for andre kvartal som TNS Gallup har gjennomført for Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO).

Privatøkonomisk peikar pilane rett veg, ikkje minst for dei som har lån. Rentene held seg låge, og bustadprisane stig. Sistnemnde er positivt for dei som alt er inne i bustadmarknaden, men di meir utfordrande for dei som skal inn. Forventingsbarometeret viser då også ein auka optimisme sidan sist måling i alle aldersgrupper, særleg dei mellom 45-59 år. Unnataket er dei mellom 15 og 29 år.

LES OGSÅ: - Ikkje kjøp bustad

– Det er vanskeleg å koma seg inn i bustadmarknaden i dag, både på grunn av prisutviklinga og auka eigenkapitalkrav. Spesielt unge hushaldningar merkar kor tøft det har vorte, noko me ser spor etter i Forventningsbarometeret, seier adm. direktør Arne Hyttnes i FNO i ei pressemelding.

Han åtvarar likevel om at den stigande optimismen i alle andre aldersgrupper kan føra til ein blir sløv økonomisk.

– Folk med relativt høg gjeld i høve til inntekt og bustadverdi gjer lurt i å gjera ei rekneøving der bustadprisane fell 20-30 prosent og lånerenta stig 3-5 prosent. Dette for å sjekka soliditeten og motstandskrafta i privatøkonomien i tilfelle pilene snur, seier Hyttnes.

– Det er i gode tider me bør, og har høve til å byggja bufferar ved for eksempel å betala ned ekstra på bustadlånet. Noreg og norske hushald har god økonomi, men me gjer lurt i å minna kavarandre på at det er i gode tider me byggjer bufferar for å møta dårlegare tider.

LES OGSÅ: Sjokkauke i leigeprisane

Uvisse i EU og eurosona er framleis stor, og vekstutsiktene i internasjonal økonomi er svake og arbeidsløysa aukande. Det vert no diskutert om det er nødvendig med ein vekststrategi som inneber ein auke i offentlege utgifter og investeringar, trass i at mange land alt slit med store budsjettunderskot og høg gjeld.

I Noreg derimot, går det svært bra med økonomien, og ferske tal frå Statistisk sentralbyrå stadfester dette biletet. Aktiviteten i økonomien auka markert i første kvartal samanlina med siste kvartal i fjor. Arne Hyttnes meiner den økonomiske kontrasten mellom Noreg og resten av verda er større enn nokonsinne.

– Finansministeren la nyleg fram eit revidert statsbudsjett som inneber at bruken av oljeinntekter i år vert lågare enn budsjettvedtaket i fjor haust. Me har lest om store bedriftsnedleggingar, der dei tilsette kort tid etter har fått nye jobbar. Bankane i Noreg leverer også gode resultat, og er i stand til å byggja høgare soliditet, seier Hyttnes.

LES OGSÅ: - Bustad bør vere ein rett

Trass i høgare optimisme generelt har folk flest fått litt lågare forventingar til korleis dei trur eigen økonomi vil utvikla seg framover. Dette speglar seg att ved at Ola og Kari Nordmann i løpet av våren også er mindre lystne på å bruka penger på reise og investera i ny bil. Haldninga til å spara held seg dessutan på eit stabilt og relativt høgt nivå.

– Trass i at nordmenn generelt har svært god økonomi og nyt godt av låg rente og eit bra lønsoppgjer, har dei fleste ein fornuftig pengebruk. Forbruket har riktignok auka noko til no i år, men inntektsveksten har vore endå høgare slik at sparinga også har auka, seier Hyttnes.


Oppdatert: onsdag 30. mai 2012 11.57
Kommentarar 0



 
ANNONSE: