Ungdomsreformen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skulle diskuterast korleis ungdom kan påverka lokaldemokratiet, spesielt sett i lys av den planlagde kommunereformen. Kva vil større kommunar ha å seia? Korleis kan ungdommen få reell påverknadskraft? Skal, og bør, ungdomsråd lovfestast?

Fire stolar sto på scena til Kulturhuset 14. oktober. Kommunalminister Jan Tore Sanner var der. Barneombodet Anne Lindboe var der. Stipendiat ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Lillin Knudtzon var der. Og Stian Seland, styreleiar for LNU – paraplyorganisasjonen for barn og unge – var og der.

LES OGSÅ: Visste ikkje at dei skal stemma

Korleis blir storkommunen?
Det spørsmålet finst det endå ikkje eit klart svar på, men det er klart at større kommunar vil føra til endringar, kanskje spesielt for ungdom.

– Det er mykje som tilseier at meir ressursar vil gjera det lettare å sleppa unge til, men samstundes er det fleire utfordringar, seier Lillin Knudtzon.

Utfordringane ho peikar på, er blant anna større avstander – ungdom som må reisa ein time eller meir for å komma fram til ungdomsrådet. Dessutan, legg ho til, kan fleire diskusjonar og avgjersler bli for fjerne for ungdommar – til dømes diskusjonen om symjebassenget i storkommunen, med ein times busstur og ei ferje på vegen for fleire av ungdommane.

LES OGSÅ:Vil lovfeste medverknad for ungdom

Frukostmøtet2

Panelet prøvde å komma litt nærare svar på korleis ungdom kan påverka meir i lokalsamfunnet. Foto: Anders Veberg

Bør ungdomsråda lovfestast?
Ja, seier Barneombudet. Prosessen er i gang, seier Jan Tore Sanner, men det blir ikkje avslørt ein dato denne morgonen. Det vart og påpeikt at ungdomsråda ikkje er nevnt i dokumenta frå regjeringa som omhandlar kommunereformen. Det er derimot Eldrerådet og Rådet for funksjonshemma.

Årsaka er at dei er lovfesta, meiner Lillin Knundtzon. Men trengst det eigentleg ei lovfesting av ungdomsråd? I dag er det berre nokre få av dei minste kommunane som ikkje har ungdomsråd – noko som vil løysa seg på eigenhand av større og færre kommunar.

Men sjølv når alle kommunar har ungdomsråd, er det stor skilnad i korleis ungdommen bestemmer i praksis. I nokre kommunar møtest ungdomsrådet ein gong i året, og fungerer difor berre som pynt.

Panelet var einige om ein ting – det hadde vore ein bra ting med litt rammer for korleis ungdomsråda skal fungera.

LES OGSÅ: – Slik bør ungdom få meir makt

Korleis kan ungdom bli høyrt?
I rapporten «De unge stemmene» frå 2009 kartla Lillin Knudtzon saman med Trond Tjerbo dei ulike innflytelsesorgana for barn og unge i kommunar og fylke. Med andre ord fekk ungdomsråda mykje merksemd her, og basert på denne kartlegginga presenterte Knudtzon ei kort sjekkliste over korleis ungdomsråda kan få reell makt.

Ho anbefalar å investera i sekretæren, ein engasjert person ho kallar sjølve fundamentet for eit velfungerande ungdomsråd. Dessutan er det naudsynt med engasjement frå dei vaksne – både frå administrasjonen, dei unge sine representantar og politikarane sjølv.

Til slutt, fortel Knudtzon, må ungdomsrådet bli kjend med administrasjonen. Dette står det meir om i rapporten frå 2009, som du kan lesa her.

LES OGSÅ: Ikkje alle vil ha stemmerett