Ungdomspartia krev 15.000 fleire studentbustader

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev 15.000 fleire studentbustader

 Partia krev at det blir 20 prosent dekningsgrad på studentbustader, noko som betyr at det trengst nesten 15.000 fleire studentbustader, ifølgje NRK.

I tillegg ber dei om at studiestøtta aukar med minst 30.000 kroner i året, og at stortingspolitikarane løyver meir pengar til psykisk helsevern for studentar.

– Det er unikt at alle ungdomspartia er med, særleg i eit valår. Det gjer det lett for moderpartia å seie ja til dette kravet, meiner leiar Marianne Andenæs i Norsk studentorganisasjon.

På biletet øvst i saka ser du frå venstre: FpU-leiar Bjørn Kristian Svendsrud, Kristoffer Gustavsen, andre nestleiar Unge Høgre, Kristoffer Gustavsen, KrFU-leiar Ida Lindtveit, Anna Kvam, talsperson Grøn Ungdom, NSO-leiar Marianne Andenæs, Ada Arnstad, leiar i Senterungdommen, AUF-leiar Mani Hussaini, SU-leiar Andrea Sjøvoll og RU-leiar Linn Elise Mehlen. Foto: NSO