Ungdomspartia er rekordstore

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge Høgre fekk 4.938 medlemmar i 2012, og held fram med å veksa etter rekordåret i 2011.

– Det er jo kjempebra. Det lovar bra før valet at Unge Høgre er mest i vinden, og veks mest. Det betyr både at me vil få meir gjennomslag for dei nye ideane våre i Høgre, og at me vil vinna valet, seier Paul Joakim Sandøy, leiar i Unge Høgre.

For første gong på fleire år er Unge Høgre no større enn Framstegspartiets ungdom.

LES OGSÅ: Meir engasjement etter 22/7

– Ungdom er meir engasjerte
AUF hadde ein auke i medlemstalet frå 9.600 medlemmar i 2010 til rekordhøge 13.900 i 2011. Ved nyttår hadde AUF nådd 13.200 medlemmar, og forsvarar dermed det høge medlemstalet frå 2011.

– Eg trur ungdom er meir engasjerte enn før. Me merkar det på aktiviteten, og me merket det på heideren ungdom får når ein fortel at ein driv med politikk. Politikk er, og skal vera for alle, seier AUF-leiar Eskil Pedersen.

– Me skal bruka den høge aktiviteten og det høge medlemstalet til auka gjennomslag på landsmøte til Arbeidarpartiet og deretter til valsiger, seier AUF-leiaren.

LES OGSÅ: Rekordauke for ungdomspartia

Fleire lokallag
Også dei fleste andre ungdomspartia opplever vekst eller stabile tala sidan den store mobiliseringa i 2011.

– Eg er veldig glad for at me har endå betre tal i år, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre. Partiet hadde 1.685 medlemmar ved nyttår, ein auke frå rekordåret 2011. Ungdomspartiet har òg fått kring ti fleire lokallag sidan året før.

LES OGSÅ: Slik vil ungdomspartia kutta utsleppa

– Bannar på høgare tal i år
Framstegspartiets Ungdom (FpU) går mest tilbake, med 446 færre medlemmar.

– I mellomvalsår er det tradisjonelt ein nedgang i medlemstala for stort sett alle parti, inkludert FpU. Det er i valåra det er mest entusiasme, og dei fleste ungdommar vel å engasjera seg. Den minimale nedgangen me har sett er rett og slett grunna at det er eit mellomvalsår. Når dette årets val er over og Framstegspartiet er kome inn i regjering kan eg banna på at me vil ha endå fleire medlemmar, seier Espen Teigen, generalsekretær i FpU til Framtida.no.

Både Senterungdommen og Sosialistisk ungdom (SU) har ikkje tala sine klare, men reknar begge med ein liten nedgang.

– Me fekk i underkant av 500 nye medlemmar i 2012, opplyser generalsekretær i SU, Mina Finstad Berg.

Grøn vekst
Det minste av ungdomspartia, Grøn Ungdom, opplevde ein stor medlemsvekst i 2012. Frå kring 400 medlemmar for eitt år sidan til 683 ved årsslutt.

– Me har vakse kjempemykje. Det er me kjempenøgde med. Me merkar òg at me no får meir medieomtale, og blir rekna med. Det er veldig bra, seier Hallvard Surlien, nasjonal talsperson for Grøn Ungdom.

For eitt år sidan hadde dei fem fylkeslag, no er dei 13.

– Det er veldig gøy å vera etablert over heile landet, og ikkje berre vera eit austlandsfenomen, seier han. Partiet har satsa mykje på å byggja organisasjonen, og er klare til valkampen.

Faktaboks

Medlemstal per 31.12.12 (utvikling frå året før):

AUF 13.200 (-700)
FpU: 4.315 (-446)
KrFU 1.645 (+16)
Raud Ungdom 756 (+5)
Senterungdommen: Ikkje ferdige tal, men truleg liten nedgang
Sosialistisk Ungdom: Ikkje ferdige tal, men truleg liten nedgang.
Unge Høgre: 4938 (+510)
Unge Venstre: 1.685 (+33)
Grønn Ungdom: 683 (+ca.283)