Ungdomsbedraget

Hallvard Surlien
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I første episode av NRK P3-serien «Leo tar valget» skulle alle ungdomspartia svare på om dei går inn for oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Eskil Pedersen, leiar i AUF, svara blant anna at «Arbeiderpartiet vil ikke gamble med miljøet eller fisken. Derfor sier vi ja til mer kunnskap ved å få en konsekvensutredning». Han kunne knapt ført lesarane lenger bak lyset.

Spørsmålet er kva for kunnskap Eskil Pedersen er ute etter. Det var i alle fall ikkje fagleg tvil då Direktoratet for Naturforvaltning, Klima- og forurensningsdirektoratet og Havforskningsinstituttet vurderte oljeboring i desse områda. Dei sa alle nei til oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Skal vi ta klimamåla seriøst kan vi faktisk ikkje opne nokon fleire område for oljeboring. Kvifor skal vi då opne dei mest verdifulle og sårbare områda vi har?

AUF vil «avslutte all oljeutvinning i Norge innan 2050». Men det er ikkje AUF som stiller til val i stortingsvalet i 2013.  Det er Arbeidarpartiet, og dei vil «legge til rette for framleis høg aktivitet og verdiskaping frå petroleumsverksemda gjennom økt utvinning frå produserande felt og ved at nye og gamle funn blir sett i produksjon». Eskil Pedersen ser ut til å skjønne at dette ikkje er kompatibelt resten av året, men i valkampen ser han ut til å ha gløymt det. Sist eg spurte, sa han at det var fordi politikk var komplisert. Men må det vere det?

Ved stortingsvalet i år har ungdom krav på at dei som skal styre landet vidare tar klimaproblemet på alvor. Dei har krav på ein annan klimapolitikk, der det ikkje lenger er eit gigantisk gap mellom det vitskapen seier og det politikarane gjer. Med Arbeidarpartiet sin oljepolitikk vil vi likevel fortsette å vere ein del av problemet, ikkje bli ein del av løysinga. Korleis kan AUF jobbe for eit slikt parti i regjeringskontora?

I Grønn Ungdom går vi til val på same politiske program som Miljøpartiet Dei Grøne. Vi står begge på same side i kampen for ei trygg framtid, og vi seier at det viktigaste i dette valet er å gjere Norge til eit bærekraftig land no. Politikk treng ikkje vere meir komplisert enn det.