Ungdomsaksjon for lokalsjukehuset

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette var stas, me vart godt motekne og føler me vart tekne på høgste alvor, seier Synnøve Askeland (15) og Helge Evensen Bjørkum (16) etter møtet i Kommunal- og regionaldepartementet i går ettermiddag.

Dei to har stått i bresjen for ein underskriftsaksjon mot nedlegging av sjukehuset i Lærdal mellom ungdomar i alderen 13-19 år i Årdal, Lærdal og Aurland. Dei har samla inn heile 553 underskrifter.

– Dette er svært imponerande, sa kommunalminister Liv Signe Navarsete, då ho tok i mot dei to ungdomane i går. Tenåringane kunne fortelja at ikkje ein einaste ungdom dei har spurt har sagt nei til å skriva under.

Viktigare

Før Liv Signe Navarsete kom ut frå eit intervju med Dagsrevyen om Eidsiva-notatet, sa ungdomane at dei vona å få Navarsete til å ta underskriftene, og bøna om å halda liv i sjukehuset og fødetilbodet i Lærdal, vidare til helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen.

– Helseministeren har jo sagt at ingen sjukehus skal leggjast ned. Me vonar ho står ved lovnadene sine og at Liv Signe Navarsete kan bidra i så måte, sa dei til Sogn Avis.