Ungdomen sviktar UKM

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i Avisa Nordhordland

– Det er dramatiske tal, den saka er det ingen tvil om. No gjeld det å vekka den lokale ungdomen, seier kulturkonsulent og kulturskulelærar i Lindås kommune, Else Iren Westervik, til Nh.

Både lokalt og frå fylket si side vert det no gjort grep for å få med seg ungdomen igjen.

Les også: Mykje talent på UKM i Gulen

Workshop
– Her i Lindås inviterer vi til ein ungdomskonferanse 1. november, i samarbeid med Meland. Her får vi med oss Vegard Eide og Sondre Veland, som begge er 22 år gamle og jobbar med musikk til dagen. Tanken er å inspirera ungdom til å visa fram sitt talent under den lokale Ungdomens Kulturmønstring på Fedje 14. februar neste år, seier Westervik.

Ho har ikkje eit fullgodt svar på kvifor interessa for UKM dalar så kraftig.

– Men det er grunn til å tru at tre minutt på scena og veldig mykje venting før og etter, ikkje appellerer nok til ungdomane. Difor vert det frå fylket si side jobba med å gjera UKM til ein lærerik workshop, like mykje som ein talentkonkurranse. På sikt vil vi også prøva å få til noko slikt lokalt, seier ho.

LES OGSÅ: Største kulturfestival for ungdom

– Fantasien set grenser
Under ungdomskonferansen 1. november er det eit mål å få ungdom skal skjøna at kultur er så mangt, og at ein ikkje må kunne synga eller spela eit instrument for å kunne delta.

– UKM er ein konkurranse for ungdom mellom ti og 20 år, og det er berre fantasien som set grenser for kva ein kan delta med. Mønstringa har alltid vore ein viktig arena for unge som driv med ulike kunstformer, og det skal det framleis vera. Vi ønskjer også å visa ungdomane at det er lov å tenka kreativt.

– Det er til dømes ikkje gitt at ein song skal kompast av piano eller gitar. Det gjeld å vera kreativ. Kontrabasskomp funkar like bra. Dessutan er mønstringa ein arena for dei som likar litteratur, poesi, foto, kunst, dans og kva det måtte vera. Ikkje berre for musikarar, seier ho.

Les også: Imponerte på høgt nivå

Kjenn besøkstida
Siste påmeldingsfrist til konferansen er 31. oktober klokka 14.00. Arrangementet er gratis, og arrangørane stiller også med mat til alle deltakarane.

– Eg håpar folk kjenner si besøkstid, for dette vert veldig kjekt, seier Westervik, som tar imot påmeldingar på e-post: else.iren.westervik@lindas.kommune.no.

LES OGSÅ: Eit mekkemekka for ungdom