Ungdom vil jobbe med fornybar energi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil jobbe med fornybar energi

Ei undersøking gjennomført av TNS Gallup i juni i år viser at ein av fire ungdommar ønskjer å jobbe med fornybar energi, men fortel at oljeindustrien er mest tiltrekkjande på grunn av dei høge lønningane.

– Dette viser at folk eigentleg vil redde verda, ikkje øydeleggje den. Oljeindustrien brukar eit høgt lønnsnivå og gode bonusar for å kompensere for manglande interesse. Dei tømmer andre næringar for kapasitet, næringar vi skal leve av etter oljen, seier leiar i miljøstiftinga Bellona, Frederic Hauge til Stavanger Aftenblad.

Gruppeleiar for forsking og utdanning i Energi Norge, Christine Meling, meiner dette er gode nyheiter for energibransjen.

– Selskapa skal tilsetje mange nye folk i åra framover. Næringa skal investere mykje både i straumnettet og produksjon av fornybar energi: Fossar, vind, skog og hav. Vi har ein levande industri som foredlar store mengder fornybar energi gjennom produksjon av råvarer etterspurt på verdsmarknaden, seier Meling.

Heller ikkje administrerande direktør i Oljeindustriens Landsforening (OLF) Gro Brækken er bekymra for å miste framtidig arbeidskraft til fornybar energi.

– I dag jobbar over 250.000 innanfor olje og gass. Det er den største industrien og vil vere det eit par generasjonar til, seier Brækken. (©NPK)