Ungdom vil ha meir scooter-politi

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Dette kjem fram i Grete Mehus, ved Høgskolen i Finnmark, si ferske doktorgradsavhandling. Ho har snakka med 81 ungdommar frå 16 til 23 år, mellom anna om kva dei meiner bør gjerast for å få til tryggare scooterløype

– Ungdommane rapporterer at det er ein del promillekøyring og køyring utanfor dei trygge løypene om natta, seier Mehus til nettstaden Forskning.no.

Derfor ynskjer mange av ungdommane i undersøkinga meir synleg politi. Dei meiner meir politi, spesielt på natterstid kan dempe talet på ulykker, både ved å vera til stades og ved å gjennomføre promillekontrollar.

Ukjent samanheng
I snitt mistar mellom ein og to personar livet kvart år som fylgje av snøscooterulykke, og om lag 40 skade vert registrert.  

– Her i landet har det aldri vorte gjort nokon studie på kor ofte sjåføren har promille ved snøscooterulykke, seier Mehus. Medan ho peikar på ei undersøking av dødsulykkene med snøscooter i Sverige gjennom 25 år, synte at mange av dei som mista livet var påverka av alkohol.  

LES OGSÅ: Fire av ti omkomne sjåførar var rusa

Sjølvsagt løysing
– For meg er det ikkje noko problem, men villmarkskøyring og promillekøyring er noko som skjer. Meir politi i scooterløypene er sjølvsagt viktig når det kjem til førebygging. Eg trur det er det avgjerande, for det er jo dei som kan stoppe folk og ta dei som køyrer vilt, seier styremedlem i Hammerfest og Kvalsund Snøscooterforening, Vilde Larsen(19).

Samstundes understrekar ho at folk er forskjellige, og at det er opp til kvar einskild korleis ein vel å køyre.

Også Grete Mehus meiner ungdommane sjølve har eit ansvar:   

– Ungdommane kan ikkje gå frå eige ansvar med å legge inn politikontrollar, seier ho. Og meiner det er viktig med diskusjon om sikker køyring internt i ungdomsmiljøa og i snøscooterforeiningane.  

LES OGSÅ: Gjev blaffen i regelverket

Fåtal
Til forskning.no presiserer Mehus at berre eit fåtal av dei unge på scooter køyrer ulovleg. Tvert imot syner studien at dei fleste ungdommane køyrer pent, og derfor ynskjer at politiet skal gjere noko med dei som utgjer ei fare i løypa.  

Mehus fann og nokre forskjellar mellom jenter og gutar, då ho intervjua ungdommane i gruppe fordelt etter kjønn.  

– Jentene svarer både at dei køyrer pent, og at dei er opptekne av risiko. 

LES OGSÅ: Dagens ungdom er snillare

Gjer fjellet tryggare
– Å køyre snøscooter er artig, ein får vore på fjellet og det er veldig sosialt. Vi grillar og kosar oss, fortel Vilde Larsen. For henne og andre ungdommar i Finnmark, er snøscooterkøyring ein stor aktivitet, og ein tek gjerne snøscooterlappen når ein fyller 16 år.

– I snøscooterforeininga jobbar vi veldig mykje med sikkerheit, held ho fram. Foreininga har mellom anna utbetra merkinga av løypene, så det vert lettare om det skulle dukke opp uvêr, dei har laga betre løypekart og dei har sett opp skilt med GPS-koordinat og naudnummer, så ein kan ringe politiet og seie ifrå nett kvar ein er.  

– Målet vårt er å gjere fjellet tryggare, avsluttar Larsen.

LES OGSÅ: In å vera ute