≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Ungdomspolitikk

– Ungdom utgjer 100 prosent av framtida

Håkon Kongsvik frå Tysnes er valt til ny leiar i Ungdommens fylkesutval i Hordaland.

Svein Olav B. Langåker
onsdag 15. mars 2017 11.52

– Ungdom utgjer 100 prosent av framtida Håkon Kongsvik er ny leiar i Ungdommens fylkesutval i Hordaland. Foto: Privat.

– Det er ei stor ære som eg set stor pris på. Det er eit svært interessant verv som vil gje meg mange høve til å gjera samfunnet så bra som mogleg for ungdom å leva i, seier Håkon Kongsvik, ny leiar i  Ungdommens fylkesutval (UFU) i Hordaland.

Med seg i fylkesutvalet har han ti  andre ungdommar, valde på Ungdommens fylkesting sitt årlege møte i februar. Totalt 70 ungdommar frå heile Hordaland var til stades for å diskutere viktige saker for 2017.

Leiar Håkon Kongsvik vil visa fram engasjementet til ungdommane i fylket.

– Korleis skal du få fylkespolitikarane til å høyra på Ungdommens fylkesutval?

– For å få fylkespolitikarane til å høyra på Ungdommens fylkesutval er det viktig at me er synlege i samfunnet og kjem med gode og konkrete innspel til aktuelle saker, og at me tar initiativ til å føra ein god og positiv dialog med dei aktuelle fylkespolitikarane.

– For at fylkespolitikarane skal høyra på UFU må me framstå som dei flinke og engasjerte ungdomane me er, og vise at me er villige til å stå på for ei sak vi bryr oss om.

LES OGSÅ: Rahman Chaudhry i Elevorganisasjonen vil kjempa for ein betre skule for alle elevar.

Unge vil bli høyrt i nytt storfylke
No når Hordaland skal slå seg saman med Sogn og Fjordane er det éin ting som Håkon Kongsvik synest det er spesielt viktig å passa på:

– Den nye regionen må få regionale medverknadsorgan for ungdom. Det er grunnleggande i eit demokratisk samfunn at ungdom har ein arena for medverknad. På den måten får ungdom eit talerøyr opp mot politikarane og administrasjonen i den nye regionen.

Kongsvik reknar med at det vil bli ein del utfordringar i starten med tanke på avstandar, organisering og fordeling av representantar.

– Men ikkje noko som er umogleg, legg han til.

Betre busstilbod i distrikta
Fylkeskommunane har ansvaret for bussar og snøggbåtar, og betre tilpassa bussavgangar i distrikta er ei viktig sak for Ungdommens fylkesutval.

– Me må og passa på at utgiftene for ungdom er så låge som mogleg. Prisen på ungdomskortet skal ikkje overstiga 45 prosent av prisent på eit 30-dagars kort for vaksne, seier Kongsvik.

– Ønskjer ungdomsråd i alle kommunar
Det er fleire kommunar i Hordaland utan ungdomsråd, og det varierer i kva dei faktisk får vera med på å seia meininga si om viktige saker for ungdom.

For Ungdommens fylkesutval er det ei viktig oppgåve å få alle kommunar i Hordaland til å oppretta eit medverknadsorgan for ungdom.

– For å gjera dette prøver me å kontakta med kommunestyra og engasjerte ungdomar i kommunane, slik at me kan hjelpa til med å starta opp eit ungdomsråd, fortel Håkon Kongsvik.

LES OGSÅ: Slik feira ungdomspartia kvinnedagen

– Kvifor bør alle kommunar ha eit medverknadsorgan?

– Det er viktig for å sikra at ungdomen si stemme og meiningar i ulike saker kjem fram og vert synleggjort for politikarane. Ungdomar utgjer ein svært stor del av eit samfunn og faktisk 100 prosent av framtida, og dei har ein rett til å høyrast.

Ungdommens fylkesutval har eit eige utval som jobbar med å visa fram sakene dei er opptekne av.

– Eg ynskjer å fokusera ekstra mykje på denne delen i år, for å synleggjera arbeidet vårt og måla våre mest mogleg for flest mogleg i aviser og sosiale media, avsluttar Håkon Kongsvik.


Dei elleve ungdommane kjem frå heile Hordaland og er frå venstre, første rekkje: Jens Hestnes Andersen, Anna Elisabeth Sunde, Julie Langum, Sigrid Farestveit Neset, Roland Fredriksen. Andre rekkje frå venstre: Marius Hellan Hindenes, Silje Nordal, Vegard Tobias Kvalheim Kleppe, Martin Virkesdal Jonsterhaug, Håkon Kongsvik og August Lavik. Foto: Hordaland fylkeskommune.

Les intervjuet med den nye leiaren i Raude Kors Ungdom, Mawra Mahmood


Oppdatert: onsdag 15. mars 2017 12.51
Kommentarar



 
ANNONSE: