Ungdom krev handling i flyktningkrisa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge med krav til politikarane

«Vi oppfordrar regjeringa og Stortinget til å vise handlekraft, rausleik og klokskap NO!» skriv organisasjonane i den utvitydige appellen om det dei omtalar som den største humanitære katastrofen sidan andre verdskrigen.

Dei ber om handling på tre spesifikke område: Tre milliardar kroner til bistandsarbeid i Syria og landa rundt, ei betre og meir langsiktig løysing for å handtere tilstrøyminga til Europa og meir støtte til det folkelege engasjementet her heime.

LES OGSÅ: Lever midt i flyktningkrisa i Ungarn

– Det er gledeleg å sjå det folkelege engasjementet for flyktningar som kjem til Noreg og Europa. Mange ønskjer å hjelpe, og no er det avgjerande at politikarane legg til rette for at vi som samfunn kan ta imot, inkludere og integrere dei menneska som ein gong skal bli våre naboar, kollegaer eller klassekameratar. Vi må gjennomføre dei akutte tiltaka, utan å gløyme eit fokus på det langsiktige, seier Espen Breivik, som leier Røde Kors Ungdom.

Saman med leiarane i Solidaritetsungdommen, Changemaker, Redd Barna PRESS og leiarane for AUF, Unge Venstre, KrFU, Senterungdommen, Sosialistisk Ungdom og Grøn Ungdom, har han skrive under på appellen. (©NPK)

LES OGSÅ: Noreg gjev 750 millionar til Syria-offer