Ungdom fryktar framtida

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

30 prosent trur det blir vanskelegare å få seg jobb om eitt år enn i dag, viser undersøkinga, som er utført av Synovate for Fokus Bank.

– Då me stilte same spørsmålet for berre eit halvt år sidan var delen 21 prosent, så det har blitt langt fleire som synest arbeidsmarknaden ser dyster ut, seier ungdomsøkonom Maria Setsaas i Fokus Bank til Newswire.

Seks av ti trur det vil bli om lag like krevjande som no å skaffa seg jobb. Berre fem prosent trur det blir lettare. Undersøkinga er gjort blant ungdom mellom 15 og 25 år.

Også delen som trur tilstanden i norsk økonomi vil forverre seg i løpet av året, har auka sterkt. 23 prosent reknar med at det vil gå dårlegare, mot berre 11 prosent ved førre måling.

– Den auka pessimismen skuldast nok først og fremst det dystre nyhendebildet i Europa. Sjølv om det står bra til i norsk økonomi, er det ikkje så rart at mange dempar sine eigne forventningar på kort sikt, seier Setsaas.

Arbeidsløyse skremmer
Ekspertar som gjev ungdom råd om utdanning og karriere er ikkje overraska over den auka uroa.

– Media har vore veldig aktive i dekninga av Europa-krisa, og mange blir sjølvsagt skremt av den høge ungdomsarbeidsløysa i fleire store land, seier Gisle Hellsten, leiar av Karrieresenteret ved Universitet i Oslo, som er ein møteplass for arbeidsliv, universitetsmiljø og studentar.

LES OGSÅ: Eldre blir rikare i rekordfart

Samstundes synst han det kan vera grunn til å roa norske ungdomar som står på terskelen til arbeidslivet.

– Den heimlege arbeidsmarknaden og økonomiske situasjonen er heilt annleis enn i dei landa som har levd over evne i mange år. Rådet mitt til unge er å ha størst merksemd retta mot faktorar dei sjølv kan gjera noko med. Då er utdanning den beste førebyggjande medisin mot problem, seier Hellsten til Newswire.

Arbeidsløysa i Noreg er i dag på berre 2,4 prosent. Blant unge under 31 år var arbeidsløysa 4,1 prosent ved utgangen av desember her i Noreg. Til samanlikning var ungdomsarbeidsløysa i Spania nær 49 prosent i desember, ifølgje OECD. I snitt er ungdomsarbeidsløysa i OECD-landa 20 prosent.

LES OGSÅ: Arbeidsløysa vil auka med fleire tusen

Tryggare med kunnskap
Etterspurnaden etter kvalifisert arbeidskraft vil vere høg i Noreg i årane framover, påpeikar Hallsten.

– Både universitets- og fagutdanning vil gje eit godt grunnlag for eigen jobbtryggleik. Kunnskap vil gje utteljing, og det er nok dei fleste klar over inst inne. Blant dei studentane me kjem i kontakt med er det difor enno ein høg grad av optimisme.

Mellom ungdom med universitets- eller høgskuleutdanning under 31 år, var det berre 1,2 prosent arbeidsløyse ved utgangen av desember, ifølgje NAV.

LES MEIR OM KARRIEREVAL HER!

Faktaboks

Så mange under 31 år med høgare utdanning utover 4 år er arbeidsledige:

Kunst/ kunsthandverk: 4,8%
Øvrige forskarutdanningar: 4,8%
Historisk/filosofisk: 3,5%
Sosiologiske fag: 3,1%

Øk. adm.: 0,9%
Medisin: 0,9%
Naturvitskaplege fag/ingeniør: 0,6%
Lærar: 0,2%

Sjå tal for andre faggrupper her!