Ungdom er mest einsame

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei undersøking utført av Ipsos for Røde Kors Ungdom seier 37 prosent av ungdom mellom 18 og 29 år at dei kjenner seg einsame ofte eller av og til. Og éin av fire ungdommar synest det er vanskeleg å snakka om einsemd.

– Når det er vanskeleg å snakka om for så mange, og fleire opplever skam og skuld, så er det ikkje bra, seier Charlott Gyllenhammer Nordström, leiar i Røde Kors Ungdom. No vil ho og medlemmane i Røde Kors Ungdom få i gang ein samtale om einsemd over heile landet.

– Me vil gjera det litt mindre skummelt å snakka om. Alle vil kjenna seg einsame ein eller annan gong, anten ein har få venner eller kjenner seg einsam mellom dei vennene ein har, legg leiaren av Røde Kors Ungdom til.

LES OGSÅ: Vetle kan gi deg nye venner

Kontrakt med samvitet
– Kva seier det om samfunnet vårt at så mange unge kjenner seg einsame?

– Unge er i utvikling, og mange har idear om kva som er ein god venn, og mange vil oppleva at ein venn ein trudde var ein nær venn, ikkje var det. Dessutan er det mange som flyttar heimefrå eller byter skule og nettverk. Det gjer at ein er ekstra utsett for einsemd, seier Charlott Gyllenhammer Nordström.

– Det viktigaste er at me blir flinkare til å snakka om det som er vanskeleg. Og me må bli flinkare til å helsa på, smila og ringa til folk som me ikkje gjer det så ofte med, seier ho.

Røde Kors Ungdom har laga ein samvitskontrakt i samband med kampanjen (sjå faktaboks) der dei kjem med råd til kva ein kan gjera for at færre skal sleppa å kjenna seg einsame.

– Det er fint å ha noko konkret å visa til, seier leiaren i Røde Kors Ungdom.

LES OGSÅ: – Å vere innovervend er bra

Inviterer til aktivitetar
Etter å ha snakka om einsemd vil Røde Kors Ungdom over heile landet invitera unge mellom 13 og 30 til å vera med på aktivitetar for å møta nye menneske.

– Over heile landet står våre frivillige klare, seier Charlott Gyllenhammer Nordström.

Håpet er at fleire kan finna både bestevenner og vennegjengar dei kan vera med i.

– Kva råd vil du gi til dei som kjenner seg einsame?

– Ingen skal føla at det er deira feil når dei opplever einsemd. Det kan vera lurt å kjenna på kva ein sjølv treng. Er det slik at eg treng ein venn eller nokon å snakka med, så kan ein sjå etter løysingar utifrå det ein treng, seier Charlott.

 – Kanskje er det å snakka med nokon ein ikkje har tørt å snakka med før. Kanskje kan det vera å delta på ein arena som ikkje stiller så høge krav, seier ho og nemner Røde Kors Ungdom som ein av desse stadene der det er ope for alle å delta.

LES OGSÅ: Jeg er ENsom bryr meg

Faktaboks

Røde Kors Ungdom har laga denne kontrakten med samvitet i samband med kampanjen:

Eg lovar med dette:
– å smila til nokon som eg ikkje vanlegvis smiler til
– helsa på nokon eg vanlegvis ikkje helsar på
– gi ros til nokon som fortener det
– snakka om einsemd med nokon eg kjenner
– ringa nokon som eg ikkje har ringt på lenge
– invitera nokon eg ikkje kjenner så godt med på noko

Les meir om aksjonen her!