Underbetalt og redd for sjefen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Underbetalt og redd for sjefen

– Eg sprang grinande heim frå jobb etter å ha vorte skjellt ut av sjefen, fortel jenta, som ynskjer å vere anonym. Ho hadde ikkje fått noka opplæring i føretaket, men sjefen meinte at ho burde kunna meir sidan ho hadde jobba der ei stund.

Jenta sit på kontoret til Drevat Hisenaj, leiar for Hotell- og restaurantarbeiderforeningen i Hordaland. Det er ikkje første gongen ho har vore i kontakt med Fellesforbundet sidan ho starta deltidsjobben sin for nokre år sidan. Drevat lyttar til jenta når ho fortel om ubehagelege hendingar. Han kjenner godt til tilhøva i bransjen.

– Det er ein tøff bransje der dagleg leiar ofte har veldig sterk ordbruk. Det kan vere skremmande for unge arbeidstakarar, og spesielt i den første jobben deira treng dei støtte, seier Hisenaj.

– Har eigne reglar
Hisenaj fortel at dette ikkje er eit enkeltståande tilfelle.

– Eg får dagleg telefonar frå unge menneske som er redde for sjefen sin. Det er ofte arbeidarar frå føretak vi ikkje har tariffavtale med, seier Hisenaj.

– Dei veit at dei gjer ulovlege ting, og vil dermed ikkje samarbeide med ein organisasjon, meiner jenta.

Ho forsikrar Hisenaj om at ho fleire gonger har klaga på løn og arbeidsforhold, men reaksjonane frå sjefen har ikkje vore imøtekomande.

– Når eg seier frå om reglane seier dei berre at dei har eigne reglar, fortel jenta.

Skilnad i løn
Satsane i tilhøve til tarifflønn tilsier at ho skal ha 141,76 kroner i timen i minimumslønn. I tillegg kjem helgetillegg og kveldstillegg. Jenta får 113 kr i timeslønn uansett.

– Eg føler meg snytt, seier jenta når Hisenaj viser henne papira for tariffavtaler.

Hun fortel om stor forskjellsbehandling innanfor føretaket. Nokre får 139 kroner i løn, andre 120.

– Eg har det likevel ikkje verst. Nokre som byrja etter meg får 110 og 80 kroner i timen, seier jenta, som forsikrar at ho har sett lønnslippane til medarbeidarane.

– At andre som er like gamle får så mykje mindre i løn er diskriminerande, svarar Hisenaj.

Organiserer seg ikkje
I Noreg finst ikkje minstelønnslover for dei som ikkje er organiserte. Organiserer du deg, har du krav på fast tarifflønn.

– Dermed er det veldig synd at mange unge ofte ikkje tør å organisere seg. Ungdomar treng å kome inn i arbeidslivet, men burde ikkje utnyttast, meiner Hisenaj. I fjor skreiv Studvest at omtrent to tredjedelar av studentmassen som er i arbeid ikkje er organisert.

Grunnlaust trekk i løn
Tom for timelister og kluss i utbetaling av sjukepenger og løn ved overtid. Jenta ramsar opp fleire døme på problem som har oppstått gjennom åra

– Sjølv om eg ofte ikkje rekkjer å ta matpause på dagar eg jobbar åtte timar, trekkjer dei meg i løn for lunsj. Det har skjedd fleire gonger at dei berre stryk over det eg har notert, og når eg spør kvifor, huskar dei ikkje, fortel jenta.

Fellesforbundet har no teke tak i saka, og Hisenaj fortel at jenta skal opp i løn.

– Det er to andre i føretaket som òg er underbetalte, og eg har gjeve melding om at dei skal bli sett opp i løn alle tre. Det er likevel synd at det skal måtte gå så langt, meiner Hisenaj.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

TARIFFAVTALE FOR VAREHANDEL, HOTELL OG RESTAURANT
Ifølgje tariffavtale for varehandel, hotell- og restaurant, ligg grunnlønna på 141,76 kroner i timen for 35,5 timar jobb i veka, utan fagbrev.
I tillegg kjem 19,88 kroner frå laurdag klokka 14, og heile sundagen.
Kveldstillegg er 10,47 kroner mellom kl 21-24 og etter kl 24 36,63 kroner.