UiO får nynorsk-refs

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- UiO bryt lova

Ein rapport om nynorskbruken ved Universitetet i Oslo (UiO) syner at universitetet bryt mållova på alle punkt. Kravet i lova er at 25 prosent av tekstane på nett og papir skal vera på nynorsk.

På nettsidene uio.no er berre 3,4 prosent av innhaldet på nynorsk, skriv Uniforum, noko som er ein nedgang frå 8 prosent i 2012.

LES OGSÅ: – UiO kan ikkje avvikle språksamlingane

På Twitter òg
Også når det gjeld kortare og lengre tekstar, periodiske publikasjonar, sosiale medium og skjema, er nynorskdelen langt lågare enn dei 25 prosentane lova krev. 28 av 92 skjema på UiO finst på begge målformene, mens 61 berre finst på bokmål. 3 av dei 92 finst berre på nynorsk.

– Dette er eit resultat me ikkje er nøgde med, og me vil følgja det opp, skriv universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i ein e-post til Uniforum.

LES OGSÅ: UiO-leiinga legg norsk-krav på is

Alle er pålagde
Kristin Solbjør i Språkrådet understrekar at alle sentrale statsorgan er pålagde å rapportera om målbruken i organisasjonen.

– Desse rapportane følgjer me opp, og ser me at eit organ over tid ikkje følgjer opp tilrådingane våre, kan me ta dette vidare til gjeldande departement, her Kunnskapsdepartementet, seier ho.

På spørsmål om ein nynorskdel på 25 prosent er realistisk for eit hovudstadsuniversitet, svarer Solbjør dette:

– Universitetet i Oslo er ikkje eit regionalt universitet for Oslo og Austlandet. Det er eit universitet for heile landet. Å respektera mållova er eit samfunnsansvar det er viktig at universiteta tek på alvor. (©NPK)