UiB vil bli grønast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

UiB blir dermed det første store universitetet i Noreg som får denne statusen for heile verksemda. Miljøfyrtårn er den mest kjente norske sertifiseringsordninga for verksemder som vil dokumentere miljø- og samfunnsansvar. Sertifiseringa inneber systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen og innlevering av miljørapportar.

Universitetet i Bergen har lenge hatt eit mål om å vere eit miljøvennleg og grønt universitet. Dei har allereie energimerkt bygningar, gjennomført ENØK-tiltak og redusert papirforbruket. Universitetet er i ferd med å fase ut oljefyringa, dei har bygd ut sykkelparkeringa og redusert talet på parkeringsplassar med 30 prosent.

Miljøsertifiseringa er ein naturleg følgje av ønsket om å forbetre dette arbeidet endå meir, ifølgje universitetsstyret. (©NPK)