UiB klatrar på ranking

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 2010 til 2011 har UiB stige frå 133. til 121. plass på the QS World University Rankings. Ved hjelp av ein eigen metodikk rangerer QS dei beste universiteta i verda.

Rektor Sigmund Grønmo er ikkje uventa glad for plasseringa og framgangen.

– Rangeringa vurderer særleg internasjonalt omdømme og fagleg kvalitet. Dette er svært interessant for oss, sidan UiB har ein ambisjon om å utvikla oss som eit internasjonalt anerkjent universitet. Det er dei tilsette og studentane ved UiB som skal takkast og rosast for plasseringa me får, seier Grønmo på UiB.no.

Ein av hovudsatsingane til UiB er å utvikle universitetet som eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet.

– Rangeringa er ein klar indikasjon på at den viktigaste målsetninga vår er vellukka, det same gjeld satsinga på å prioritera kvalitet, seier Grønmo. (©NPK)